Tilbake til søkeresultatene

INNOFFARENA-Innovasjonsarena for stat og kommune

Ny effektiv og bærekraftig teknologi for mekanisk rensing av avløpsvatn

Tildelt: kr 0,15 mill.

I forprosjektet skal vi legge grunnlaget eit større innovasjonsprosjekt for utvikling og testing av ulike prosesskonspt. I forprosjektet skal derfor følgjande aktivitetar gjennomførast: Dialog-/innspelsmøter med aktuelle FoU-partnarar og andre relevante samarbeidspartnarar. Presentasjon av teknologi og konseptidear, og invitasjon til samarbeid om utvikling og utprøving. Avklaring og konkretisering av problemstillingar og utfordringar som bør løysast i FoU-innovasjonsprosjektet. Aktuelle aktørar er Sintef, NTNU, NMBU, NIBIO, Vestlandsforsking og HVL. Arbeidsmøter og Workshops der vi skal vidareutvikle innovasjonsidear og konsept, og avklarar sentrale spørsmål knytta til brukarbehov, nytteverdi og kunnskaps- og forskingsbehov. Målet er konkretisering, strukturering og organisering av innovasjonsprosjektet, og å utarbeide grunnlag for hovudprosjektsøknad, t.d. forskingsbehov, prosjektplan, innhald og plan for test-/analyseprogram, framdriftsplan, budsjett med kostnads- og finansieringsplan, og plan for kost-nytte-analyse på anleggs- og samfunnsnivå. Avklare roller, ansvar og plan for ferdigstilling av søknad. Aktuelle deltakarar er dei same som i innleiande dialogmøter, og som er aktuelle for samarbeid i eit hovudprosjekt. «State- of-the-art»-kunnskapssamanstilling av komparative løysingar og oversikt over tilgjengeleg teknologi, utført av Vestlandsforsking. Oppsummering og rapportering fra forprosjektet, som vedlegg til beskrivelse av innovasjonsprosjekt.

Budsjettformål:

INNOFFARENA-Innovasjonsarena for stat og kommune