Tilbake til søkeresultatene

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling

Kunnskapsoppsummering om arealbruk, naturmangfald og klima

Alternativ tittel: Scoping review on land use, biodiversity and climate

Tildelt: kr 2,0 mill.

Klima- og naturkrisene er uløyseleg knytte til kvarandre og må handterast under eitt. Felles for desse krisene er at mange av utfordringane er kopla til arealbruk og arealbruksendringar. I dette prosjektet kartlegg vi forskingslitteratur om korleis arealforvaltninga verkar inn på sårbarheit for og tilpassing til klimaendringar, karbonlagring og økosystemtenester. Prosjektet har som hovudmål å bidra til å skaffe oversikt over kunnskapsfronten og kunnskapsmanglane, avgrensa til arealbruk på land og i ferskvatn i Norge. Alle inngrep i naturområde har følgjer for naturmangfaldet. Mange av inngrepa fører i tillegg til auka klimagassutslepp, som store vegprosjekt, eller dei gjer oss meir sårbare for endra klima, som når vi bygger langs sjø og vassdrag. Utbygging av vindmøller er døme på arealbruksendringar som har som formål å skaffe rein, fornybar energi, men som også kan ha negative følgjer for dyre- og planteliv, eller gje utilsikta CO2-utslepp på grunn av inngrep i myr. Alt dette er døme på korleis arealbruk, klima og naturmangfald grip inn i kvarandre. I prosjektet Karnak vil forskarar og konsulentar med både naturfagleg og samfunnsfagleg bakgrunn samarbeide med ein bibliotekar som er ekspert på å planlegge og gjennomføre kunnskapsoppsummeringar. Funna vil bli kvalitetssikra både av økologiekspertar og ei brukargruppe med representantar frå kommunar og statsforvaltarar. Ved hjelp av metoden "scoping review" vil på ein systematisk måte kartlegge forskingslitteraturen på feltet, for å finne ut kva han seier om desse tre spørsmåla: - Kor berekraftig er arealforvaltninga i Norge i dag? - Kva dilemma og konfliktar inneber arealbruken? - Korleis kan vi finne løysingar, verktøy og utviklingsmoglegheiter for arealbruk som tar vare på både klimaet og naturmangfaldet?

Dei seinare åra har det blitt sett søkelys på at klima- og naturkrisene er uløyseleg knytte til kvarandre og må handterast under eitt, og at krisene har det til felles at mange av utfordringane er kopla til arealbruk og arealbruksendringar. Til dette problemkomplekset høyrer også tema som økosystemtenester, sårbarheit for og tilpassing til klimaendringar, og utveksling av karbon i dei biogeokjemiske systema. Den forskingsbaserte kunnskapen om desse samanhengane er i vekst, også i Norge, men det manglar ein oversikt over tilgjengelege arbeid på området, og dermed også over kunnskapshola. Prosjektet har som hovudmål å bidra til å skaffe oversikt over kunnskapsfronten og kunnskapsmanglane, med vekt på arbeid med relevans til arealbruk på land og i ferskvatn i Norge. Det å skaffe oversikt over eit breitt kunnskapsfelt som dette, krev kompetanse på systematiske litteratursøk og generering av kunnskapsoppsummeringar. Dette er sikra ved at Biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet er med i prosjektgruppa. Kunnskapsoppsummeringa vil bli gjennomført som ein scoping review, ein metode utvikla for å skaffe oversikt over breie kunnskapsfelt og lite einsarta tilfang publikasjonar, inkludert grå litteratur. Krav til repeterbar og transparent kunnskapsgjennomgang blir følgt, med publisering av protokoll med førehandsdefinerte kriterier for kva publikasjonar som skal analyserast. Gjennomgang av dei utvalde arbeida vil skje av minst to prosjektdeltakarar. Dette arbeidet blir utført av eit team med svært erfarne biologar/økologar og forskarar innanfor klima og berekraft. Litteratursøk og analyse opp mot dei tre forskingsspørsmåla vil skje i samråd med ei ekspertgruppe med prof. Dag O. Hessen, prof. Knut Rydgren og forskingsleiar Liv Guri Velle. For å sikre at kunnskapsgjennomgangen blir relevant for norske forhold, er det oppretta ei brukargruppe med representantar for fire statsforvaltarembete og to kommunar, med bakgrunn i miljøforvaltning, klimapolitikk og planlegging.

Budsjettformål:

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling