Tilbake til søkeresultatene

ENERGIX-Stort program energi

International Conference on Maritim Hydrogen and Marine Energy 2022

Tildelt: kr 99 999

Prosjektnummer:

338722

Prosjektperiode:

2022 - 2022

Midlene er mottatt fra:

Organisasjon:

Geografi:

Formålet med arrangementet er å samle leiande aktørar innan maritim hydrogenteknologi og havvind for å dele kunnskap og kompetanse, samt konkretisere korleis vi skal nå klimamåla. Norge har i ulike planar peika på disse områda som viktige for å oppnå nødvendige utsleppsreduksjonar, samt bevare Norges posisjon som verdsleiande havnasjon. Det er venta ei storstilt satsing, men det er framleis utfordringar og forskingsgap knytt til begge teknologiløp. Det vil krevje samarbeid, både langs verdikjedene og på tvers av sektorar. Konferansen ønsker å bidra ved å samle industri, forsking, akademia, finans og offentleg verksemd. I arbeidet med å realisere verdikjedane finn vi utfordringar knytt til både teknologi, infrastruktur og samfunn. Alle disse vil bli belyst i konferansen, gjennom presentasjonar, diskusjonar og ulike workshops. Norce og FME Hyvalue vil fasilitere ein workshop om forankring av ny teknologi, ettersom vi trur manglande forankring kan bli ei barriere. På den måten bidrar vi direkte til arbeidet med FME Hyvalue med forskingsbasert kunnskap utover området teknologiutvikling. Vi vil også ha ein workshop der deltakarane skal jobbe med problemstillingar knytt til konkrete utlysingar frå Horisont Europa, som vi har valt ut på forhand i samarbeid med Forskningsrådet, som og er fasilitator. Med dette ønsker vi å bidra til auka samarbeid mellom aktørane og fleire maritime hydrogenprosjekt. Ved å samle ulike aktørar vil vi bidra til å utvikle verdikjedene for hydrogen på land og til havs (via offshore vind). Konferansen vil bidra til oppdatert kunnskap, fokus på FoU utfordringar, læring, nye kontaktar og potensielle samarbeidsprosjekt.

Budsjettformål:

ENERGIX-Stort program energi