Tilbake til søkeresultatene

HELSEINNOVASJON-Helseinnovasjon

Norse Impact: Teknologi for treffsikre tjenester innen psykisk helse heime hos pasienten

Tildelt: kr 0,25 mill.

Treffsikre psykiske helsetenester og rusbehandling på spesialistnivå og i kommunen er avgjerande for berekraft. Framover vil vi sjå kapasitetsutfordringar innanfor ein helsesektor med avgrensa ressursar. Størsteparten av tida eit menneske er i behandling i spesialisthelsetenesta eller mottek hjelp frå kommunale helsetenester er ikkje vedkomande i kontakt med hjelpeapparatet, men er heime hos seg sjølv. Denne tida kan for eksempel vere ventetid før behandling eller tid mellom behandlingsmøter. Tenestene har ingen kunnskapsbasert kontaktflate for å monitorere tilstand og situasjon, og kan ikkje tilby faglege intervensjonar når pasienten er i sin eigen heim. Her mister vi eit vesentleg potensiale for å styrke, involvere og istandsette pasienten heime i ei periode då dei er svært motivert for behandling. Denne heimehjelpa kan etablerast ved hjelp av helsedata frå den einskilde. Helse Førde har over dei seinare åra med hell gjennom forsking utvikla løysingar som bygger på sikker innsamling av persontilpassa sjølvrapporterte data og forskingsbasert oversetjing av denne til behandlingsverktøy. Teknologien Norse Feedback er skilt ut i eit eige teknologiselskap som har vidareutvikla denne og gjort den tilgjengeleg kommersielt. Helse Førde og Norse Feedback har lang erfaring med- og teknologi for å omsette data frå pasienten til helsebehov. Målet til dette forprosjektet er å etablere eit konsortium av aktørar innan helsetenestene for å utvikle ein persontilpassa, forskingsbasert og datadrive teknologi for å hjelpe pasienten heime, som bygger på den forskinga og teknologien som er implementert for å hjelpe pasienten når dei er i behandlingsmøta. Konsortiet skal innehalde relevante aktørar frå spesialisthelsetenesta, kommunale helsetenester, teknologiselskapet Norse Feedback, Helse Vest IKT, Inventas (regulatorisk kompetanse EU, MDA) og Sykehusinnkjøp som saman skal utvikle hovudsøknaden for eit heilskapleg løp fram mot kommersiell tilgjengelegheit av teknologien.

Budsjettformål:

HELSEINNOVASJON-Helseinnovasjon

Finansieringskilder