Tilbake til søkeresultatene

FRIPROSJEKT-FRIPROSJEKT

Rettsstatsutvikling gjennom digital formidling av rett

Alternativ tittel: Rule of Law through Digital Communication of Law

Tildelt: kr 1,8 mill.

Prosjektnummer:

342115

Prosjektperiode:

2023 - 2027

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

KI-verktøy er alt i bruk på rettsfeltet. Utviklinga innan både offentleg og privat sektor går fort. Likevel finst det liten kunnskap mellom juristar om korleis KI-verktøy kan styrka og svekka rettsstaten generelt, og individuell rettstryggleik spesielt. Føremålet med DigiReg er å bøta på dette. Prosjektet har etter oppstart i 2023 fokusert på følgjande fire området: Å arbeida for å gjera tilgang på rettsdata tilgjengeleg med tanke på utvikling av KI-verktøy for rettsfeltet. Å bringa saman offentlege og private aktørar som arbeider med KI-løysingar på rettsfeltet for å oppnå erfaringsutveksling og mogeleg samarbeid. DigiReg samarbeider sjølv med fleire av aktørane. Å testa ut KI-løysingar og KI-verktøy på rettsfeltet med tanke på framtidig, juridisk fyrstelinjeteneste (orienteringsteneste) og andrelinjeteneste (beslutningsteneste). Å bidra til å utvikla undervisningsformer og til undervinsingsopplegg for å gjera jusstudentar og Juridiske PhD'ar, som morgondagens juristar, kjent med, samt få brukardugleik til å nytta KI-verktøy på rettsfeltet.
NAV-skandalen har viste fram ein veikskap ved den norske rettsstaten. Eit viktig aspekt ved denne saken er at det rettslege materialet var så samansett og uoversiktleg, både som eit resultat av vekst i norsk rett og transnasjonaliseringa av retten, at feil rett vart praktisert, til økonomisk og personleg skade for einskildindivid. Det har alt i fleire tiår vore ein politisk ambisjon at mengda rettsleg materiale skal reduserast for å oppnå den oversikt som innbyggjarane i ein rettsstat har krav på. Når det likevel ikkje har skjedd, er det fordi kompleksiteten i eit moderne samfunn er så stor at store mengder rettsleg regulering er påkravd. Ein må difor prøva andre vegar ut av enn å redusera omfanget av det rettslege materialet. Et tiltak er å utvikle et klarare juridisk språk, eit prosjekt initiert av Justisdepartementet. Eit anna tiltak vil vera å formidla rett på ein måte som skapar oversikt. Dette kan ein gjera gjennom å ta i bruk digitale plattformer og fullt ut bruka potensialet til digitalisering av rett. For å løysa utfordringa for rettsstaten med veksten i rettsleg materiale, skal Digirett arbeida tverrfagleg for å utvikla ein regulativ modell for formidling av digitalt rettsleg materiale og bruken av det. Sentralt i prosjektet vert fire seminar knytt til fire gjesteprofessoropphald i Oslo, samt eiga deltaking i fagseminar om tema, og ein PhD-skule. Seminara er bygd opp som ein småskala lovgjevingsprosess for å innhenta perspektiv og kunnskap, for å operasjonalisera dette i form av ein regulativ modell, og utvikla verktøy for at den kan verkeleggjerast.

Publikasjoner hentet fra Cristin og NVA

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FRIPROSJEKT-FRIPROSJEKT

Finansieringskilder