Tilbake til søkeresultatene

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

Rettsstatsutvikling gjennom digital formidling av rett

Alternativ tittel: Rule of Law through Digital Communication of Law

Tildelt: kr 1,8 mill.

God rett er tilgjengeleg rett. Det betyr ikkje at alle tilgjengeleg rett er god. Men det betyr at bare den retten som er tilgjengeleg, kan ein ha god effekt. På den eine sida har retten aldri vore meir tilgjengeleg enn i dag, med ti tusenvis av rettskjelder tilgjengeleg digitalt. På den andre sida gjer den store mengda tilgjengelege rettskjelder at retten vert meir utilgjengeleg, fordi den vert uoverskodeleg og innfløkt. NAV-skandalen illustrerer dette paradokset. Alle rettskjelder var tilgjengelege digitalt. Likevel var det i over to tiår ingen som faktisk fann ut kva som var gjeldande rett. Dette fordi mengda rett gjorde retten utilgjengeleg. Føremålet med Digirett er å gjera betre formidling og bruk av den veksande mengda digital rett. For det fyrste skal Digirett læra av historia. Digitaliseringa av retten i dag følgjer same mønster som når retten vart skriftleg og når den vart trykt: fyrst vert ny kommunikasjonsteknologi brukt til å produsera store mengder rett, deretter må ein ta den same teknologien i bruk for å gjera retten tilgjengeleg. For det andre skal Digirett læra gjennom erfaringsoverføring frå andre land. Utfordringa med ei veksande mengde digital rett, er global. Difor prøver ein fleire stadar samstundes å finna løysingar. Digirett skal samla, formidla og læra av dei erfaringar ein har gjort seg så langt. For det tredje skal Digirett utvikla ei digitale plattform med ulike hjelpefunksjonar. Slik skal det verta mogeleg for innbyggjarar å finn svar på kvardagslege rettsspørsmål. Og slik skal juristar lettare få oversikt over rettskjeldene i kompliserte rettsspørsmål. For det fjerde skal Digirett utvikla juridisk metode slik at den vert tilpassa digital formidling. Av historia kan vi læra at korleis bruken av rett er sterkt knytt til korleis ein formidlar retten. Juridisk metode er ikkje utvikla til å få ut potensialet i digital rett.

NAV-skandalen har viste fram ein veikskap ved den norske rettsstaten. Eit viktig aspekt ved denne saken er at det rettslege materialet var så samansett og uoversiktleg, både som eit resultat av vekst i norsk rett og transnasjonaliseringa av retten, at feil rett vart praktisert, til økonomisk og personleg skade for einskildindivid. Det har alt i fleire tiår vore ein politisk ambisjon at mengda rettsleg materiale skal reduserast for å oppnå den oversikt som innbyggjarane i ein rettsstat har krav på. Når det likevel ikkje har skjedd, er det fordi kompleksiteten i eit moderne samfunn er så stor at store mengder rettsleg regulering er påkravd. Ein må difor prøva andre vegar ut av enn å redusera omfanget av det rettslege materialet. Et tiltak er å utvikle et klarare juridisk språk, eit prosjekt initiert av Justisdepartementet. Eit anna tiltak vil vera å formidla rett på ein måte som skapar oversikt. Dette kan ein gjera gjennom å ta i bruk digitale plattformer og fullt ut bruka potensialet til digitalisering av rett. For å løysa utfordringa for rettsstaten med veksten i rettsleg materiale, skal Digirett arbeida tverrfagleg for å utvikla ein regulativ modell for formidling av digitalt rettsleg materiale og bruken av det. Sentralt i prosjektet vert fire seminar knytt til fire gjesteprofessoropphald i Oslo, samt eiga deltaking i fagseminar om tema, og ein PhD-skule. Seminara er bygd opp som ein småskala lovgjevingsprosess for å innhenta perspektiv og kunnskap, for å operasjonalisera dette i form av ein regulativ modell, og utvikla verktøy for at den kan verkeleggjerast.

Budsjettformål:

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

Finansieringskilder