Prosjektet «Øyer i Ørkenen» (SilkRoMo) søker å tenkje nytt rundt det store handelsnettverket kalla Silkevegen som batt saman Europa, Asia og Afrika frå antikken til tidlegmoderne tid. Ofte blir Silkevegen framstilt som eit nettverk mellom aust og vest, knytt saman av ruter mellom mindre stadar, byar og kongedømme. Silkevegen er også ofte trekt fram som det fremste eksempelet på ein tidleg globaliseringsprosess. Men sjølv om viktigheita av Silkevegen ofte blir understreka finst det få systematisk studiar av korleis handelsnettverket opererte i praksis, og lite er blitt sagt om rolla til stadane langs ruta, øyene i ørkenens hav.
SilkRoMo-prosjektet vil bøta på denne kunnskapsmangelen ved å gjennomføre ein komparativ studie av fem stadar/riker i områda dekkja av Silkevegnettverket, kongedømmet Kroraina (Kina), kongedømmet Khotan (Kina), kongedømmet Rob (Afghanistan), byane Palmyra og Dura-Europos (Syria), samt byane i Turfan bekkenet (Kina) undersøkt av stipendiat Per Jonas Fikkan Jordfald. Funna vil bli brukt til å teste og vidareutvikle ein ny analytisk modell for å forstå og beskrive Silkevegen, ein «lagvis nettverksmodell». Denne modellen tenkjer seg Silkevegen som eit nettverk bygd opp av samanvevde nettverk, mange mindre og nokre større. Lokale nettverk blei skapt av lokale behov men skapte infrastruktur og institusjonar som mogleggjorde større, regionale og inter-regionale nettverk. Dette rammeverket søkjer soleis a) å famne både store og små aktørar, lokale så vel som regionale, b) å fange mangfaldet i nettverka som inngjekk i Silkevegnettverket, c) å systematisk beskrive infrastrukturen og institusjonane som gjorde reise og kommunikasjon mogleg.
Ved å kombinere detaljerte komparative studiar av stadar og statar ofte sett som sentrale i Silkevegnettverket med nye perspektiv og teoretiske nyvinningar søkjer SilkRoMo-prosjektet soleis å fornye tenkinga rundt Silkevegen. Resultat frå prosjektet og nye perspektiv vil også bidra inn i debatten rundt tidlege globaliseringsprosessar og handel i antikken meir generelt.
Etter eit års arbeid er SilkRoMo-prosjektet no godt i gang.
Frå august 2024 blei Per Jonas Fikkan Jordfald og Lene Ferstad-Løland med i prosjektet som prosjektets to doktorgradsstipendiatar. Per Jonas Fikkan Jordfald (forskarutdanning HF-fakultetet UiB) arbeid med doktorgradsprosjektet «From Global to Local: The Church of the East seen from Turfan» som vil utgjere SilkRoMo’s femte kase. Prosjektet tar for seg byar og riker i Turfanbekkenet, med eit særleg fokus på nettverka skapt av Nestorianske kristne i området og deira forbindelsar. Lene Ferstad-Løland (forskarutdanning Danning og Didaktiske Praksisar HVL) arbeid med prosjektet «Fortidens vilkår i skolens samfunnsfag og historiefagets antropologiske danningsaspekt» som utgjer SilkRoMo prosjektets historiedidaktiske komponent. Dette PhD prosjektet har fokus på «det framande» sin plass i historieundervisinga, til forskjell frå tema knytt til elevens eigen livsverd, og korleis eldre, global historie kjem i bruk. Begge doktorgradsprosjekta styrkar det større SilkRoMo prosjektet på fleire måtar. Jordfald sitt prosjekt trekkje inn Turfan, eit viktig senter langs silkevegnettverket, og trekk prosjektet inn i tidleg mellomalder. Jordfald sitt fokus på religiøse nettverk er også eit spennande supplement til dei andre SilkRoMo casene, som hovudsakeleg fokuserer på økonomisk kontakt. Ferstad-Løland sitt prosjekt, på si side, undersøkjer eit lite studert felt, nemleg globalhistoria sin plass i undervisning. Det søkjer også å omsette SilkRoMo prosjektet sine teoretiske perspektiv til klasseromspraksis i prosjektet sin siste del.
Sentralt i prosjektets første år har vært eit 10 månadars opphald ved Universitet i Kyoto sitt institutt for humanistisk forsking (10.24-07.25). I tillegg til prosjektleiar Høisæter deltok stipendiat Jordfald på opphaldet frå Februar 2025. I løpet av opphaldet arbeida prosjektet med databasane, tok i bruk Universitet i Kyoto sine unikt gode biblioteksressursar, besøkte arkiv, samt samarbeida og knyt nettverk med fleire leiande forskarar (Minoru Inaba, Erika Forte, Chao-Jung Ching) på feltet. Eit særleg spennande resultat av dette arbeidet i Japan var (gjen)oppdaginga av fleire originaldokument frå Kroraina. Desse var funne av Otani-ekspedisjonen på tidleg 1900-tall men er elles ukjent i litteraturen. Prosjektet vil søkje å publisere desse dokumenta for første gang på engelsk i løpet av 2026.
Som ein del av forskingsopphaldet i Kyoto blei også SilkRoMo prosjektet sin første workshop « Understanding connections and mobility in the ancient and medieval world» organisert ved Universitet i Kyoto 28.05.2025. Workshoppen hadde seks presentasjonar sentrert rundt korleis ein kan forklare og forstå kontakt og mobilitet i den førmoderne verda. Prosjektet førebur også i desse dagar den andre SilkRoMo workshoppen «Going beyond Empires» som finne stad ved University of Wales Trinity Saint David mellom andre og fjerde Oktober.
The Silk Roads are the prime example of ancient globalization, envisioned as a vast system of trade routes and networks spanning across Eurasia since at least antiquity. The Silk Roads are usually depicted as a network of routes connecting a multitude of sites, cities, and kingdoms, yet within Silk Roads studies surprisingly little attention has been paid to these nodes, the islands in the seas of sand.
This project proposes to change the way we understand the Silk Roads phenomenon by developing a new model with which to conceive of Silk Roads exchange. This model, a layered network model of the Silk Roads, proposes to see the Silk Roads as a series of interconnected networks operating on a number of different scales, from regional networks within one polity to inter-regional diplomatic networks between polities. It furthermore suggests that the fundament that made this global network-of-networks possible were the local networks of those inhabiting the regions across which the Silk Roads are thought to have run.
In order to test this hypothesis, the project will conduct four critical case studies of smaller polities situated along the Silk Roads, namely the kingdom of Kroraina (China), the kingdom of Kucha (China), the kingdom of Rob (Afghanistan) and the city-state of Palmyra (Syria). An attached PhD project will study a fifth case. These case studies will then be analysed to see if the proposed model can be applied. Through this work, by testing and developing the “layered network model”, the project aims to provide a new framework for understanding the Silk Roads.
Finally, the project will critically examining the narratives and frameworks used to study premodern globalization, including a PhD project which will look at how such narratives are applied in history-didactical contexts. By doing this, and bringing its results into these debates, the SilkRoMo project will encourage a rethinking of early globalization processes and ancient trade more broadly.