Tilbake til søkeresultatene

HELSEFORSKNING-Helseforskning

Norse Impact – Continuous digital care in mental health

Alternativ tittel: Norse Impact - Samanhengande digitale tenester i psykisk helsefeltet

Tildelt: kr 20,0 mill.

Prosjektnummer:

349515

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2024 - 2028

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Psykiske helsevanskar er ei av dei største utfordringane for folkehelsa og produktiviteten i vestlege samfunn. Verdas helseorganisasjon (WHO) anslår at angst og depresjon åleine fører til tap av 50 millionar arbeidsår kvart år. Dagens behandlingstilbod, som i stor grad byggjer på ansikt-til-ansikt-interaksjonar, er ikkje i seg sjølv bereraftig i framtida. Vi treng også innovativ teknologi som kan støtte menneske i kvardagen og gjere behandling meir tilpassa den enkelte. I Norse Impact-prosjektet forskar og utviklar vi ny helseteknologi som skal vere tilgjengeleg, trygg og nyttig. Konsortiet bak NorseImpact består av Helse Førde, Norse Feedback AS, St. Olavs Hospital, Helse Stavanger, Sunnfjord kommune, Molde kommune, Helse Møre og Romsdal, medan Sykehusinnkjøp, NTNU og Høgskulen på Vestlandet bidreg som sentrale forsking- og utviklingspartnarar. Digitale verktøy må vere tilgjengelege for pasientar utanfor vanlege fysiske behandlingsmøter - før, under og etter behandling. Norse Impact vil bruke pasientrapporterte data til å levere persontilpassa digitale verktøy til pasientane for å forbetre effekten av behandlingane dei deltek i. Målet er ikkje å erstatte den tradisjonelle behandlinga, men å gjere den meir treffsikker, relevant og nyttig for kvar enkelt pasient. Norse Impact skal tilby ressursar og støtte i ventetida, mellom konsultasjonar og i oppfølginga etter avslutta behandling. Slik kan vi redusere fråfall, sikre betre kontinuitet i oppfølginga og bidra til at behandlinga vert både meir effektiv og berekraftig. Kor langt har vi kome? Prosjektet starta sommaren 2024 og går over fire år. Etter halvanna år har vi lagt eit solid grunnlag for vidare utvikling. Vi har tilsett stipendiatar som driv forsking tett knytt til utviklinga av Norse Impact. To av prosjekta rettar seg mot unge pasientar: ei gruppe i risiko for å utvikle psykose og ei som slit med rusproblem. Desse gruppene er viktige å engasjere fordi dei ofte fell frå i tradisjonell behandling, og dei fungerer som eit slags "proof of concept" for korleis digitale verktøy kan gi betre behandling og oppfølging. Det tredje stipendiatarbeidet ser på friske unge vaksne, og gir oss eit verdifullt perspektiv på førebygging og tidleg innsats. Vi har også lagt stor vekt på samarbeid og involvering av interessentar. Ein eigen brukarmedverknadskoordinator er på plass, og både pasientar og andre interessentar er aktivt involverte gjennom faste møte og dialogarenaer. Samstundes er regulatoriske prosessar for godkjenning som medisinsk utstyr sette i gang, og vi har gjennomført grundige vurderingar for trygg bruk av data. Prosjektet har skapt eit sterkt grunnlag for internasjonalt samarbeid innan psykisk helse og vere omtalt som eitt av fire case-studiar i ein internasjonal artikkel om praksis-forskingsnettverk innan psykisk helse («From Data to Intervention», Society for the Advancement of Psychotherapy, 2025). Vidare har prosjektet bidratt til nye samarbeid på tvers av landegrenser, og i september blei det sendt inn ein Horizon Europe-søknad om digitale løysingar for psykisk helse, leia av Høgskulen på Vestlandet med Helse Førde som samarbeidspart, saman med sentrale forskingsmiljø i Belgia, Finland, Danmark og Norge. For å sikre openheit og deling har prosjektet etablert eit nyheitsbrev som gir fagmiljø, brukarorganisasjonar og andre høve til å følgje framdrifta og bidra med innspel undervegs. Vi deltek også aktivt på aktuelle seminar og møteplassar - som Arendalsuka – for å dele erfaringar og lære av andre. Retninga vidare Teknologiutviklinga skjer steg for steg. Målet er å ha ein første versjon - eit minimal viable product (MVP) - klart i løpet av våren 2026. Dette vil gi eit konkret utgangspunkt for vidare testing, forbetring og klinisk utprøving. Ambisjonen å skape framtidas helseteneste: ein integrert tenesteflyt som kombinerer tradisjonelle fysiske møte, digitale behandlingsressursar og brukarstyrte delar, alt persontilpassa etter pasientens eigne sjølvrapporterte data.
The current model of mental health service delivery cannot meet the population needs. Users, healthcare, and policymakers state needs for new digital tools to help the users more and better – in their homes. Our pre-project stakeholder involvement established the need for digital clinical interventions to be personalized to each individual. Consequently, they need to build on real-time patient-reported data. Service users and health professionals need digital interventions to enhance patients’ mental health literacy, insight, and coping skills, to empower them as precision health service users. The proposed innovation project – Norse Impact – is driven by these needs. Industry- and healthcare partners have formed a consortium with stakeholder networks and regulatory/commercialization experts to implement a responsible research and innovation (RRI) project from development to commercialization. First, we ensure that the participatory framework of RRI establishes ethical controls, participation and responsive practice throughout project phases. Second, we use already implemented Norse Feedback data-streams from consenting patients to recognize needs patterns using eXplainable AI and ML methods. We develop software for automatic classification of real-time patient needs to trigger interventions, and a user-interface for safe delivery. Third, we develop 10 trial digital interventions for two hard-to-reach young patient populations. We use a person-based mHealth agile development framework to balance data security and validity with a modern digital media experience. Fourth, we test the effectiveness and safety of the digital interventions for regulatory approvals. Fifth, partner procurement and commercialization experts guide the implementation of the value realization strategy for all stakeholders. Incoming partners test and distribute additional digital interventions on the platform to specific groups of patients based on real-time analyses of Norse Feedback data.

Publikasjoner hentet fra Cristin og NVA

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

HELSEFORSKNING-Helseforskning