Prosjektet har som mål å utforme og lansere eit verktøy for kvalitativ kartlegging av mangfald og ulikheit på institutt- og forskargruppenivå. Dette er ei viktig nyvinning som vil sikre nødvendig grunnlag for- og støtte til arbeidet med likestilling og tilrettelegging for mangfald ved norske universitet og forskingsinstitusjonar. Medan utfordringa med å etablere forståing for kjønnsulikheit har hatt ei klar forankring i tankar om likerepresentasjon, tvingar arbeidet med mangfald fram eit behov for å forstå fleire dimensjonar ved ulikheit. Problemstillinga som prosjektet søker svar på er: Korleis kan ein best synleggjere og skape forståing for ulikheit i et fagmiljø på måtar som gir grunnlag for å velje tiltak i handlingsplanar for likestilling og mangfald?
For å svare på dette vil vi undersøke og analysere erfaringar frå nyleg gjennomførde prosjekt innretta mot kvalitativ forståing av ulikheit, samt kva fagmiljøa sjølv meiner med mangfald i breiare forstand. Utviklinga av verktøyet vil bygge på undersøking og analyse av erfaringar frå allereie gjennomførde og prosjekt for å danne kunnskapsgrunnlag for utforme eit brukarvenleg verktøy. Utforminga vil også bygge på organisasjonsforsking som viser korleis maktrelasjonar verkar både strukturelt, i samhandling og på symbolnivå. Forskingslitteraturen gir også viktige innsikter i korleis kjønna dynamikkar, rasialiseringsprosessar, klasseulikheit og utenforskap knytt til funksjonsevne verkar i arbeidslivet og i akademia. Vi vil også rette søkelyset mot organisasjonskulturen og inkludere eit analytisk blikk på maktdynamikkar som forskingskultur, epistemisk mangfald og faglege hierarki.