Tilbake til søkeresultatene

REKRUTTERING-REKRUTTERING

Musea i samfunnets teneste - ein museal spagat mellom lokal forankring, regional konsolidering og nasjonal nettverksbygging

Alternativ tittel: Museums in the service of society. The multiple expectations in Norwegian museum politics.

Tildelt: kr 2,0 mill.

Prosjektnummer:

352233

Prosjektperiode:

2024 - 2028

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Dei fleste har eit forhold til museum: nokon jobbar i museum, mange er frivillige ved eit museum, alle veit at museum finns, mange besøker musea og nokre gjer det ikkje. Uavhengig av kva forhold ein har til musea, er musea viktig for alle, fordi musea er med å definere kven vi er og kva vi bryr oss om. Museet har slik ei rolle i samfunnet og eit oppdrag det skal løyse på vegne av samfunnet. Derfor har musea ein stor grad av offentleg finansiering og med dette kjem også føringar og forventningar frå kulturpolitikken generelt og museumspolitikken spesifikt. Dei siste 30 åra har det pågått ei museumsreform med mål om å styrke museumssektoren fagleg og økonomisk. Tre premiss ligg til grunn for reforma og summerer opp forventingane til musea: lokal forankring, regional konsolidering og nasjonal nettverksbygging. Musea skal altså være viktige lokalt, regionalt og nasjonalt, dei skal være fagleg sterke og relevante, og samtidig inkluderande, også lokalt. Mange museum opplever det som utfordrande å få til dette parallelt og opplever utfordringar i relasjonane mellom aktørane, særskilt mellom lokale frivillige og tilsette i museet. Omgrepet lokal forankring peiker ikkje berre på noko museet skal jobbe med, men også på aktørar som museet sjølve ikkje kan velge, definere eller leie. Derfor kan også omgrepet forståast svært ulikt av dei ulike aktørane i museumssektoren: publikum kan tolke det til at museet skal vise fram ei historie dei kan relatere seg til. Frivillige kan forstå det som at museet alltid skal ha ein open arena på deira heimplass, kor dei som frivillige er aktive og viktige. Tilsette kan meine at omgrepet peiker på medverknad i utstillingsproduksjon og representasjon i utstillingane. Utan ei felles forståing av omgrepet kan det oppstå konflikt og misnøye mellom aktørane, kor alle partar opptrer i tråd med ulike delar av museumspolitikken utan å bli samde om ein praksis. Ved å undersøke korleis politikken er utforma, korleis den blir forstått og praktisert har prosjektet som mål å skape ny kunnskap om korleis premissa for museumsreforma, særskilt premissen om lokal forankring, har påverka norsk museumsutvikling. Målet er vidare å bidra til nye perspektiv på korleis forvaltninga, særskilt fylkeskommunen, kan bidra til at musea kan nå eit samla sett av forventingar frå museumspolitikken, utan å utfordre prinsippet om armlengds avstand som sikrar musea autonomi frå politisk kontroll.
Prosjektet skal undersøke forholdet mellom museumspolitiske føringar og praksis. Målet er å få større forståing for korleis premissa for museumsreforma, særskilt premissen om lokal forankring, er forstått og praktisert ved norske museum. Musea utviklar seg i skjeringspunktet mellom kulturfag og politikk og prosjektet skal undersøke forholdet mellom normative føringar og praksis i museumssektoren. Prosjektet vil derfor bygge det teoretiske grunnlaget på både kulturfagleg (museologi) og statsvitskapeleg teori (organisasjonsteori). Dei mest sentrale kjeldene vil vere museumspolitiske dokument, museumsstatistikk, musea sine organisasjonsstrategiske dokument og anna praksis ved musea, samt erfaringar og refleksjonar frå aktørane i museumssektoren: tilsette, publikum, eigarar, drivarar, politikarar, administrasjon. Sentrale metodar er observasjon, dokumentanalyse og kvalitative intervju. Prosjektet består av to deler kor del 1 handlar om å skape eit rammeverk av empiri og teori i ein nasjonal og internasjonal kontekst for belyse musea si rolle i samfunnet og prosessane kring utforming av museumspolitikk. Del 2 er eit case-studium frå Møre og Romsdal fylke kor ein går inn i materien knytt til tolking og praksis av omgrepet lokal forankring. Aktørane i prosjektet er NTNU og Møre og Romsdal fylkeskommune. Prosjektet skal også etablere kontakt med internasjonale forskingsmiljø: Nordiskt centrum for kulturarvspedagogik i Östersund og Jean Moulin Université Lyon 3 i Frankrike. Ei ressursgruppe skal etablerst i prosjektet. Den er samansett av institusjonar og enkeltpersonar med kompetanse som har særleg relevans for både dei teoretiske og empiriske fokusområda i prosjektet. Formålet med gruppa er å sette eit konstruktivt-kritisk blikk på forskinga, å forankre prosjektet nasjonalt og å motverke negative konsekvensar av at forskaren sitt tett på eigne forskingsobjekt. Det er lagt opp til aktiv formidling i prosjektet, særskilt gjennom deltaking på konferansar og seminar.

Budsjettformål:

REKRUTTERING-REKRUTTERING