Tilbake til søkeresultatene

KLIMAFORSK-Stort program klima

Havforskermøte 2024

Tildelt: kr 0,15 mill.

Prosjektnummer:

353333

Prosjektperiode:

2024 - 2024

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Vi vil arrangere Havforskarmøte 2024 i Tromsø. Norsk havforsking står sterkt internasjonalt, men det er få nasjonale arenaar der havforskarar i Noreg kan samlast for å dele forsking og bygge nettverk. Havforskarmøtet er derfor ein viktig møteplass. Dei ca. 40 - 100 deltakarane kjem frå ulike sektorar og representerer marine fagmiljø frå heile landet. Det er eit ope arrangement, med påmelding via nettsidene til NHF. Havforskarmøtet blir arrangert årleg, og kvart år er fokus på eit spesifikt tema. Eksempel på tema frå dei seinaste åra har vore: «Hvordan få mer mat fra havet» (2017), "Hvordan kan forskere gjøre økologi mer politisk relevant?" (2019), "Klimaendring i havet" (2020, online), "Nye metodar for å møte morgondagens utfordringar" (2021), «Bruk eller vern – arealbruk til havs» (2022) og «Mat frå havet» (2023) - sjekk https://www.havforsk.no/nb/arkiv/ I 2024 blir temaet “Effektar av klimaendringar og klimatiltak på marin natur”, kor vi ønskjer ein diskusjon både om direkte effektar av klimaendringane på enkeltartar og marine økosystem, men og korleis dei tiltaka vi iverksett for å motverke klimaendringane kan påverke marin natur. Eksempel på slike tiltak være naturbaserte løysingar i sjø, bygging av havvindmølleparkar for grøn energiproduksjon, eller gruvedrift i fjord og hav for å sikre mineral nødvendig for ei grøn omstilling. Vi ønskjer å ha ei tverrfagleg vinkling til forskingsspørsmåla, og vil gjere møtet til ein møteplass mellom akademia, forvaltning og industriaktørar. Dei største effektane av klimaendringane ser vi i nordlege havområde, som i Barentshavet der forskarar har observert eit skifte frå eit arktisk til eit meir atlantisk klima og økosystem dei siste tiåra. Samtidig er det i dette området fleire initiativ både knytt til gruvedrift og havvind (til dømes GoliatVind-prosjektet). Vi fant det derfor naturlig å legge årets møte til Tromsø.

Budsjettformål:

KLIMAFORSK-Stort program klima

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet