«Helse i kvar tone! Syngande studentar, stab og barnehagar» er eit arrangement over tre dagar under Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda. Arrangementet løfter fram song som helsefremmande aktivitet, for barnehagebarn, studentar, tilsette og alle andre som ønsker å delta. Målet er å setje song på dagsordenen gjennom eit stort og synleg prosjekt på høgkuleområdet, og setje formidling av forsking ut i praksis gjennom fellessong som aktivitet. Håpet er å kunne bidra til å auke graden av fellessong ved Høgskulen i Volda, i barnehagane i Volda og ev. andre delar av lokalsamfunnet.