Tilbake til søkeresultatene

NAERINGSPH-Nærings-phd

Arktisk-alpine naturtypar: vegetasjonmønster i høgfjellet

Alternativ tittel: Arctic-alpine nature types and vegetation patterns

Tildelt: kr 2,1 mill.

Prosjektleder:

Prosjektnummer:

354181

Prosjektperiode:

2024 - 2029

Midlene er mottatt fra:

Klimaendringane råkar nordområda hardt. Basert på FN sine klimarapportar går oppvarminga dobbelt så raskt i Arktis samanlikna med det globale gjennomsnittet. Dette gjer nordområda ekstremt sårbare, noko som kjem til syne i dei to norske raudlistene. Desse viser at mange artar og naturtypar i arktiske og alpine miljø er trua på grunn av nettopp klimaendringar. I tillegg er dei utsette for auka press frå utbygging og anna arealbruk. For å forstå korleis naturtypane og artane responderer på dei raske endringane, er det nødvendig med grundig forståing av prosessane som skaper naturvariasjonen. Hovudmålet med dette doktorgradsprosjektet er å auke kunnskapen om vegetasjonsmønster i arktisk-alpine område, med særleg fokus på naturtypar og økologiske samanhengar som er mangelfullt undersøkte. Vegetasjonsanalyser vil bli utførte både på Svalbard og i høgfjellsområdet på fastlands-Noreg. Gjennom desse analysene vil vi få djupare innsikt i prosessane som oppstår i eit røft og kaldt miljø, og få auka forståing for korleis vegetasjonen takler dei hurtige miljøendringane. Prosjektet er sterkt knytt til Natur i Norge (NiN), som er eigd av Artsdatabanken og ligg til grunn for all kartlegging og raudlisting av naturtypar i Noreg. Resultata frå prosjektet vil bidra til vidareutvikling av NiN-systemet, i tillegg til å påverke korleis systemet brukast til praktisk kartlegging. I prosjektet vil vi også teste om fjernmålingsteknikkar kan effektivisere NiN-kartlegging i fjellet, og i kor stor grad modellene kan gi naturtypekart av høg nok kvalitet. Tradisjonell, feltbasert kartlegging er svært ressurskrevjande, og kan resultere i stor variasjon mellom kartleggarar. Med riktig bruk kan derfor fjernmåling av naturtypar leggje ei god ramme for eller vere eit godt supplement til feltbasert kartlegging.

Doktorgradsprosjektet omhandlar naturvariasjon i høgfjellet, og skal gi ny kunnskap om naturtypar og vegetasjonsøkologiske samanhengar i arktisk-alpine miljø. Prosjektet er sterkt forankra i 'Natur i Norge' (NiN), eit type- og beskrivelsessystem for all norsk natur. NiN-systemet er i dag grunnlaget for offentleg finansiert naturkartlegging, og fungerer som eit viktig verktøy og felles begrepsapparat for norsk natur. Kunnskapsgrunnlaget for dei ulike naturtypane i NiN-systemet varierer, og det er behov for ny forsking på naturtypar i høgfjellet og Arktis, ettersom mykje av kunnskapsgrunnlaget er bygd på eldre litteratur og undersøkingar. Norsk raudliste for artar (2021) viser at arktisk-alpine miljø er leveområde for mange trua artar. I tillegg er fleire naturtypar i fjellet vurderte som nært trua eller sårbare, basert på Norsk raudliste for naturtypar (2018). Dei pågåande klimaendringane er det største trugsmålet, og dei største og raskaste endringane skjer i nettopp nordlege strok, særleg i Arktis. For å forstå korleis artar og økosystem responderer på klimaendringane er det ein føresetnad med inngåande forståing av prosessane. Prosjektet vil innehalde grundige vegetasjonsøkologiske analyser, med mål om auka forståing for prosessane som skaper mønster i artssamansetning og vegetasjonsstruktur. Prosjektet vil ta i bruk moderne metodar for registrering av artar og miljøvariablar, der datamaterialet vil danne grunnlag for statistiske analyser. Prosjektet skal gi kunnskap som skal brukast til å klassifisere og skildre naturvariasjonen i NiN-systemet, i tillegg til å teste ut fjernmålingsteknikkar for effektiv heildekkande kartlegging i fjellområde. Dette kan vere viktig ettersom høgfjellsområda er under stadig større utbyggingspress, og behovet for eit oppdatert kunnskapsgrunnlag er stort. Prosjektet skal føre fram til ein artikkelserie i internasjonale og norske fagtidsskrift, i tillegg til at resultata frå prosjektet skal formidlast til ei breiare målgruppe.

Budsjettformål:

NAERINGSPH-Nærings-phd