Hausten 2024 etablerte stipendiatgruppa i Helseforsking Sogn og Fjordane podkasten "Forskarsnakk - store spørsmål på ein liten plass". Bakgrunnen var at stipendiatane opplevde at dette forskingsmiljøet ikkje var så kjent i regionen, og dei såg eit behov for ein formidlingskanal som bruker eit språk folk flest kan forstå der forsking vert formidla på ein enkel og litt utradisjonell måte. Lanseringa av podkasten og dei første episodane vart lagt til Forskingsdagane 2024. Valet falt på å tilby eit kveldsarrangement på ein utestad, kombinert med ein litt uformell stil med fleire korte innlegg på scena, gode samtalar og litt underhaldning. Arrangementet var ope for alle og vart gjennomført i samarbeid med Kunnskapsparken Vestland og Sunnfjord Utvikling. Format og val av arena hadde ikkje vore prøvd tidlegare, men vart veldig godt motteke av publikum.
Dette gav meirsmak, og Helseforsking Sogn og Fjordane ønsker å forsøke og etablere dette som ein fast tradisjon under Forskingsdagane. Tilbakemeldingane var særs positive, og vi ser at dette er ein stil og eit format som treff eit publikum med unge vaksne (og andre) som ikkje til vanleg er på arenaer med tilsvarande forskingsformidling.
Mykje av forskinga i vårt forskingsmiljø passar godt inn i hovudtemaet; Tryggleik. Forsking retta mot psykiatri og somatikk med målom betre persontilpassa oppfølging. Døme er 1) eit digitalt, dynamisk oppfølgingsverktøy for stomipasientar for å gje dei større tryggleik i å leve med stomi, 2) refleksjonsverktøyet "Sjå kva eg seier" for å løfte merksemda på korleis ein kan betre samtalane i møte med pasient, 3) appen "Pust Deg Bedre" som skal gjere det enklare for kronisk lungesjuke å følge opp sine øvingar og soleis auke deira livskvalitet.
For å halde høg teknisk kvalitet i arrangementet, er vi avhengige av finansiell støtte.