Back to search

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Family Develpment and Social Change in Nineteenth-Century Russia

Awarded: NOK 1.3 mill.

På 1800-talet gjekk både Vest- og Aust-Europa gjennom omfattande endringsprosessar, som rask folkeauke, industrialisering og urbanisering, og dessutan ei økonomisk og kulturell individualisering. Prosjektet har som hovudmål å utforske tilhøvet mellom dess e endringsprosessane, hushaldsutvikling og individuelle livsløp i Russland på 1800-talet, med særleg vekt på kva rolle proto-industrialisering og seinare industrialisering spela i endringa av det tradisjonelle russiske hushaldssystemet. I denne samanhenge n vil det vera viktig å undersøkje korleis og i kva grad tradisjonelle agrare institusjonar og proto-industri/industri påverka kvarandre. Likeins vil det vera påkrevd å undersøkje kva effekt sysselsetting i industrien hadde på ulike fasar i utviklingssykl usen til hushaldet og i livsløpet til individet. Prosjektet er viktig for å samanlikne ulike hushaldssystem i Europa, noko som igjen er ein føresetnad for teoretisk og metodologisk utvikling på dette feltet. Eit viktig mål for prosjektet vil difor vera å utvikle metodar som tek omsyn til det spesifikke ved russisk hushaldsorganisasjon og som er konsentrert om dynamikken i hushaldsutviklinga. Dette vert gjort gjennom ein kombinasjon av ulike tilnærmingar, men særleg ved å bruke eit livsløpsperspektiv i ei n databasert analyse av russisk folketeljingsmateriale. Prosjektet vil ta i bruk og gjere tilgjengeleg eit stort empirisk materiale som liten grad har vore brukt tidlegare.

Funding scheme:

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project