Prosjektet vil freiste å kaste nytt lys over idretten sin sosiokulturelle tyding. Ved å analysere diskursar omkring barn og unge, kjønn, disiplinering, kultivering og fysisk aktivitet ynskjer prosjektet å avdekkje korleis forestillingar om barn og deira k roppar blir sosialt konstruert og rekonstruert. Diskurs vil her bli forstått som eit sett av utsagn og praksisar som gjennom å innskrive seg i institusjonar framstår som verkelege i ein gitt sosial kontekst.
Kjeldene til prosjektet vil vere arkivmaterial e frå ulike arkiv både i det offentlege og det private. Prosjektet vil også ta i bruk gamle lærebøker, instruksjonsbøker, ulike fagtidsskrift (som t.d. innan idrett, pedagogikk, psykologi, medisin) for å avdekkje dei regulerande mekanismer, diskursane. Gj ennom å samanstille desse kjeldene er det mogleg å analysere diskursane og korleis barn og deira kroppar blir opplevd og forstått.
Diskurs er eit omgrep som etter kvart er mykje brukt innan mange ulike disiplinar i vitskapen. Med prosjektet håpar ein å k ome med bidrag som kan brukast og gje meining utover idrettsforsking og historiefaget.