Back to search

MATPROG-Matprogrammet: Norsk mat fra sjø og land

Saueavl med kunstig sædoverføring.

Awarded: NOK 1.1 mill.

Veterinære restriksjonar, først som følgje av mædiutbrot og seinare ytterligare aktualisert med scrapie, har skapt ein ny situasjon for avlsarbeidet på sau. Vêrar kan i hovudsak ikkje lenger flyttast mellom avlsgrupper (vêreringar), og i dei hardast ramma områda skal desse avlsgruppene ikkje vera større enn fire buskapar. Dette har ført til ei auka satsing på kunstig sædoverføring (KS) når det gjeld imseminasjonsteknikk og omfang. Nå er det heilt nødvendig å tilpassa dei siste åras utvikling innan KS til strukturen i avlsarbeidet på sau. KS på sau har potensial til betydelege avlsmessige fordelar. Rasjonelle avlsopplegg med KS revolusjonerte til dømes storfeavlen og svineavlen i si tid. Ved bruk av KS vil ein kunne få moglegheit for sterk seleksjon av a vkomsgranska vêrar, moglegheit for sikare avlsverdivurderingar og ei endå meir effektiv spreiing av avlsframgang, for å nemna noko. Dersom prosjektet viser at saueavlen kan effektiviserast ved bruk av KS, vil dette få stor betydning for gjennomføringa av det framtidige avslarbeidet på sau. Prosjektet vil utdanna ein dr. scient, med veiledning frå Institutt for husdyrfag. Det vil gje kompetanseheving innan avlsarbeidet på sau både for Norsk sau- og geitalslag og Institutt for husdyrfag. Det kan og koma av lsforskinga på andre husdyrslag til gode. Både bonden og samfunnet er tjent med eit effektivt avlsarbeid, ved at ein pr. innsatsfaktor får mest mogleg igjen. Effektiviseringa kan medføre billigare kjøtt til forbrukaren og betre inntekt for bonden.

Funding scheme:

MATPROG-Matprogrammet: Norsk mat fra sjø og land

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project