Gastrin er ein sentral regulator av funksjon og vekst av mageslimhinne og er postulert å spela ein rolle i autokrin vekstregulering av gastrointestinale kreftsvulstar og stamcelle-deriverte kreftsvulstar.
Prosjektet vil bruke DNA mikroarray teknologi og datavitenskapelege metodar til genom-skala karakterisering av gastrin-indusert genuttrykk relatert til stimuleringsmåte (transient eller kronisk) og relatert til celletype, og cellene sin aktiverings- og differensieringsgrad. Analysane vil identifisere n ye gen som blir regulerte av gastrin og vil danne grunnlag for modellar av genprotein nettverk involvert i gastrinresponsar.
Prosjektet har funne at gastrin induserer genuttrykk av transkripsjonsrepressoren ICER som er involvert i regulering av vekst og differensiering. Prosjektet vil undersøke om ICER modulerer gastrin-indusert genuttrykk ved å fungere som ein negativ feedback regulator. Prosjektet vil bruke cellelinje modellsystem og DNA mikroarray til å undersøke kva rolle ICER og andre medlemmer av CREB/CREM/ATF-familien av transkripsjonsrerulatorar spelar for modulering av gastrin-indusert genuttrykk.
CREB/CREM/ATF-familien av transkripsjonsregulatorar har eit høgt antall spleisevariantar og omfattar både transkripsjonsaktivatorar og - repressora r. For å studere genuttrykk av dei ulike spleisevariantane og deira biologiske roller, vil ein utvikle spleisevariant-spesifikke oligonukleotid-baserte mikroarray og bruke desse til å karakterisere genuttrykk for CREB/CREM/ATF-spleisevariantar relatert ti l vev, organ, celletype og utviklingsstadium og til å måle gastrin-mediert regulering av spleisevariantane.