Back to search

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Samordna bruk og drift av administrative IT-system

Awarded: NOK 0.60 mill.

Prosjektet gjeld 6 kommunar med 14.500 innbyggjarar og 50% av arealet i Telemark. I kommunane er det i stor grad samanfall når det gjeld fagapplikasjonar innafor lønn/personal, rekneskap/økonomi og fakturering. Ein bakgrunn for dette er at ein gjennom I T-samarbeid over fleire år medvete har arbeidd seg i den retninga. Gjennom strategiarbeid for regionen generelt, og meir spesifikt for bruk av IT, er det etablert handlingsplanar og faktagrunnlag for vidare handling. Gjennom planmessig utbygging av fib ersamband, vil alle kommunehusa og dei fleste underliggande institusjonar vere knytte saman i løpet av 2005. Dermed er dei fysiske føresetnadane for nye driftsformar og tettare fagleg samarbeid mellom kommunane tilstades. Opp mot den potensielle vinsten som ein ventar ligg i interkommunalt samarbeid over ein felles breidband-infrastruktur, står den økonomiske og organisatoriske kostnaden for endring. Det er mellom anna svært ulik økonomisk bereevne i kommunane. Følgjelig vil det være naudsynt å igangsett e eit større prosjekt som ein koordinert og solidarisk "kraftsamling" ved innføringa av fellesløysingane. Vi vil med dette prosjektet oppnå: - Omprioritering frå intern sakshandsaming til meir publikumsretta aktivitetar - Lokal arbeidsdeling, evt.spe sialisering og hjelp ved vakanse eller sjukdom - Økonomisk gevinst for dei kommunale organisasjonane sett under eitt

Funding scheme:

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project