Back to search

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Modernisering av sosial- og barneverntenesta i Nordfjordkommunane

Awarded: NOK 0.97 mill.

Dei sju Nordfjordkommunane Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy har gjennom fleire år hatt eit fruktbart og godt samarbeid innanfor IKT. Kommunane har vedteke felles IKT-strategi og skrive bindande samarbeidsavtalar for utvikling av nett og tenester. I samband med HØYKOM-satsinga har Nordfjordkommunane gjennomført fleire fellesprosjekt, og mellom anna teke i bruk eit fiberbasert interkommunalt nett mellom kommunane. Dei klart positive erfaringane og resultata frå dei gjennomførte HØ YKOM -prosjekta har lagt grunnlaget for ei felles satsing for utvikling og modernisering av interkommunalt samarbeid og tenester. I 2005 har kommunane prioritert sosial- og barneverntenesta. Prosjektet vil ta i bruk felles fagsystem for sosial- og barnev erntensta samt interaktiv video i møter, sakshandsaming og saksrettleiing på tvers av kommunegrensene. I planane ligg også etablering av felles server for fagsystema. Ved gjennomføring av prosjektet vil vi prøve ut konsultasjonsmøte med barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) og arbeidsgruppemøte med til dømes Tiltaksgruppen AS i Arendal over nettet. Eit slikt tilbod gjer at slike møter kan takast oftare, og ein vil kunne følgje opp kommunane sine klientar andre stadar i landet betre enn i dag. Fo r sosial- og barneverntenesta vil prosjektet vere ei kjærkomen nyvinning i det interkommunale samarbeidet. Tenesta har i fleire år utveksla erfaringar mellom kommunane, men dei har ikkje hatt gode og sikre nok system for utveksling av informasjon over net tet. Det har heller ikkje vore muleg å føreta sakshandsaming på tvers av kommunegrensene, til dømes ved ugildskap hos sakshandsamar. Økonomisk er det eit klart innsparingspotensial i prosjektet, både med felles fagsystem, sparte reisekostnader og meir e ffektiv bruk av tida. Prosjektet vil også gje betre kvalitet på tenester for brukarane (klientane), spesielt dei som er plassert andre stader i landet.

Funding scheme:

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project