Back to search

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Granvin og Voss på felles IKT-plattform

Awarded: NOK 0.84 mill.

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom 2 kommunar - Granvin og Voss. Samarbeidet mellom kommunane er forankra både hjå ordførarane og hjå den administrative leiinga ved rådmennene. Det må etablerast ein breibandsinfrastruktur mellom heradshuset i Gr anvin og tinghuset på Voss. Gjennom etablering av denne infrastrukturen, vonar ein også å kunne utløysa breiband til ein næringshage (Istadmyrane) på vegen mellom Voss og Granvin. Næringshagen har ikkje høvelege breibandsløysingar pr. i dag, og det er dif or eit stor pluss dersom ein gjennom dette prosjektet kan bidra til at breiband vert etablert. Vidare er det også ynskjeleg at dette prosjektet kan bidra til breibandsutbygging i Øvre Granvin. Utbygging av gode IKT-løysingar og IKT-infrastruktur er ei fo rutsetning for å kunne utvikla samarbeid kring tenesteproduksjonen. Vidare er det viktig i høve til samhandling, felles driftsløysingar og effektiv informasjonsspreiing i og mellom kommunane. Følgjande gevinstar er prosjektet venta å gje for kommunane: - Betre kvalitet og tilgjengelegheit på tenestene innan samarbeidsområda. - Grunnlag for langsiktig kommunesamarbeid. - Reduksjon av nøkkelmannsrisko for IKT-drift og -utvikling. - Større fagmiljø innanfor IKT. - Større brukarmiljø for fagsystema. - Meir e ffektiv IKT-drift. - Betre TCO for IKT-løysingane. - Betre IKT-sikkerheit.

Funding scheme:

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project