Back to search

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Sak/arkiv-tenester til ALLE i Vest-Telemark

Awarded: NOK 1.2 mill.

Prosjektet gjeld 6 kommunar med 14.000 innbyggarar og 50% av arealet i Telemark. Målretta strategiarbeid for regionen, og for bruk av IT, har etablert handlingsplanar og faktagrunnlag for vidare handling. Såleis er det i dag eit visst samanfall for ein rekke rekkje fagapplikasjonar. Vidare er dei fysiske føresetnadane for nye driftsformar og tettare fagleg samarbeid mellom kommunane tilstades gjennom planmessig utbygging av fibersamband til alle kommunehus og dei aller fleste underliggande institusjona r. Ein treng nå å realisere og synleggjere gevinsten som ligg i interkommunalt samarbeid med breiband. Særskilt ønskjar ein at sak/arkiv blir gjort tilgjengeliggjort. Følgjeleg må ein sikre at digitale skille, knyta til fråvær av tilgang til breiband og/ eller kompetanse om bruk, ikkje hindrar kommunane i deira mulighet til å levera tenester digitalt. I dette ligg at ein må særskilt adressere dei siste som i dag ikkje kan få breibandtenestar, og/eller dei som ikkje har teke breiband i bruk, men der kommun ane har eit behov for å levere sine tenester. Vi vil med dette prosjektet: 1.Omprioritere frå intern sakshandsaming til meir publikumsretta aktivitetar ved etablering av nytt felles sak/arkiv system. 2.Ta viktige steg for i neste fase å kunne innføre fu llelektronisk arkiv. 3.Demonstrere korleis ein i ein del av eit tynt befolka område kan oppnå 100% deking og gjennom dette og pilotere effekten av utviska digitale skile.

Funding scheme:

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project