Back to search

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Breiband til grender i indre Hordaland

Awarded: NOK 5.2 mill.

Prosjektet har som formål å byggje ut breiband i mindre grender i kommunane Granvin, Ulvik, Vaksdal og Voss. Dei kommersielle aktørane finn det ikkje interessant å byggje ut breiband i desse områda, då kvar enkelt grend eller sentral i grenda har for lite kundegrunnlag til at kommersiell utbygging er lønsamt pr. i dag. Kommunane som samarbeider i dette prosjektet ligg i indre Hordaland og dei grensar til kvarandre. Det er grunn til å tru at kommunane kan ta ut økonomiske effektar og andre synergiar ved a t dei går saman om ei samla utbygging. Dette fordi ein vil kunne dra nytte av felles framføring av samband til utbygginga av breiband, hente ut effektiviseringsvinstar ved å køyre eit felles prosjekt, dra nytte av kvarandre sin kompetanse og kunne tenkje i fellesskap kring nytte og bruk av ny breibandsutløysing. Dei kommunale verksemdene som vert kopla til breibandet vil nå felles applikasjonsressursar i kommunane. Nyttige fellesressursar dei vil få tilgang til er intranett, internettilkopling, sikkerhei tsløysingar (brannmur, antivirus), diverse fagapplikasjonar samt e-post og kalender. Innbyggjarane og næringslivet vil dra nytte av dette ved at dei kommunale tenestene som er tilgjengeleg elektronisk meir rasjonelt kan nyttast. Næringslivet i grendene v il også kunne samhandle med andre meir effektivt, og kunne tilby effektive elektroniske distribusjonskanalar/marknadsføringskanalar. Fleire av bedriftene i desse områda har uttalt, at breiband vil vera ei forutsetning for at dei skal kunne vera i bygdene frametter. Desse bygdene har lange avstandar til kommunesentra, og det vert difor viktig å ha ein god elektronisk kommunikasjon tilgjengeleg. Det er også viktig med breiband, for at fleire skal kunne ha velfungerande heimekontor. Nye potensielle innbygg jarar vil nok finna det meir attraktivt å bu i desse grendene dersom det vart eit breibandstilbod som gjorde det mogeleg med gode heimekontorløysingar.

Funding scheme:

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project