Back to search

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Breiband til alle i Hordaland

Awarded: NOK 6.1 mill.

Prosjektet er det første fylkesomfattande Høykom-prosjekt i Hordaland. Prosjektet er derfor også ei viktig satsing i høve til å samordne infrastrukturutbygging på tvers av kommunar, regionråd og fylkesnivået, og for å stimulere felles kunnskapsutvikling o g bruk av breibandtenester i fylket. Organiseringa av prosjektet bygger på gode erfaringar frå andre fylke med tilsvarande fylkesovergripande organisering. Prosjektet er organisert med Hordaland fylkeskommune som ansvarleg prosjekteigar og koordinator. Ko mmunane blir organisert og følgd opp av regionråda i fylket: Regionrådet Nordhordland, Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Hardangerrådet, Regionrådet for Bergen og omland samt Voss. Involveringa av regionråda gjev tett oppfølging og samordning av lokal utb ygging, og god forankring og auka merksemd om breibandutbygging og bruk av breibandtenester i alle deler av fylket. Prosjektet er såleis ikkje berre ei infrastrukturutbygging, men eit viktig steg vidare for mobilisering og opptak av breiband i fylket. Pr osjektet bygger på eit omfattande arbeid med å kartlegge status, behov og planar i alle kommunane i Hordaland. Arbeidet er gjennomført av Vestlandsforsking, Hordaland fylkeskommune, regionråda i fylket og kommunane i juni til august 2007. Hordaland har 3 3 kommunar. 7 kommunar har full breibanddekning, 1 kommune vil ikkje prioritere delfinansiering og 25 kommunar ønskjer breibandutbygging med kommunal medverknad. Av desse 25 er det ein kommune som har eit stort fiberbasert prosjekt og ein kommune som ikkj e har klargjort tilstrekkelege planane for utbygginga. Desse to kommunane er ikkje tekne med i fellessøknaden til Høykom, men ein ufordelt sum av KRD-midlane er reservert for desse prosjekta dersom dei klargjer sine planar meir. Prosjektplanen for Høykom -midlar omfattar derfor 23 kommunar der planane er utvikla i tråd med føresetnadene i Høykom-utlysinga og der lokal forankring er gjennomført både i fylkeskommunalt planarbeid og prioriteringar i kommunane.

Funding scheme:

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon