Back to search

PROREAL-Profileringsprogrammet for realfagene

Energi i vinden

Awarded: NOK 0.35 mill.

Bakgrunn Regjeringa presenterte i 2009 strategiplanen: Eit felles løft for realfaga. Denne planen hadde som overordna mål å: - styrka kompetansen i realfag i heile utdanningssystemet, i arbeidslivet og hjå allmennheten - auke rekrutteringa til arbeidsliv og utdanning innan realfaga - fremja positive haldningar til realfag i alle utdanningsledd og hjå folk flest. I utdanningsdirektoratet si sluttevaluering av den føregåande planen kalla: Realfag naturligvis. Strategi for styrking av realfaga peika ein på mellom anna desse utfordringane framover: - å sikre lokal forankring, målbare mål og resultatrapportering -å synliggjøre nytteverdien av realfagene både i samfunnet og i klasserommet for å skape mer positive holdninger til realfag hos elevene Med utgang spunkt i desse planane, og spesielt ønsket om lokal forankring, og å synleggjera nytta av realfaga i samfunnet ønska me at dette prosjektet skulle bygga på noko lokalt, noko som folk har eit forhald til, samt at det er nytt. Dette er og ei energiform som kan skapa, og skaper konfliktar når det gjeld landskap, støy, naboar m.m. Det er og ønskeleg å gje folk kunnskap om emnet og ikkje minst til å reflektera over eigen energibruk, deira fossile fotavtrykk, og om me i Noreg har ein berekraftig energibruk. M ålgruppa Prosjektet tek sikte på å retta seg mot aldersgruppa 13-16 år (ungdomsskule). Då det er viktig å gje desse interesse og kunnskap innan realfag og teknologi før dei skal gjera viktige utdanningsval ved inngangen til vidaregåande skule. Det er og viktig å gje folk flest kunnskap om emnet.

Funding scheme:

PROREAL-Profileringsprogrammet for realfagene

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project