Back to search

FIBA-FoU-basert innovasjon i BA-næringen

Metamorfose 2005 - Eigedomsutvikling og -forvaltning Eit kompetanseprosjekt med brukarmedverknad

Awarded: NOK 3.4 mill.

Bygg, anlegg og eigedomsbransjen er i endring, og ein av hovudutfordringane framover er å bidra til stØrre verdiskaping for næringsliv, huseigarar og brukarar. Dette må ta utgangspunkt i vår eksisterande bygningsmasse på vel 210 mill. m2 bygd areal med ei n teknisk verdi på ca. 3.000 milliardar kr. Verdiskaping for byggherre og huseigar inneber fokus på: * utvikling- og forvaltning av bygg og eigedomar, * utvikling av nye serviceområde mot leigetakarar og brukarar (facilities management)* profesjonaliseri ng av funksjonen som byggherre mot marknad (kundar og leverandørar)og offentlege myndigheiter. Rammer for prosjektet: Utvikling og forvaltning av næringseigedom og bustader der ein tek spesielt omsyn til eksisterande bysituasjon og miljø, infrastruktur o g bygningar. Det skal vera lagt vekt på tverrfagleg utvikling og totalitet sett inn i eit livsløpsperspektiv. Problemstillingane skal vera relatert til krav frå eigedomsbransjen og næringsliv om fleksibilitet og større verdiskaping. Prosjektet og dr.ing programmet vil omfatta casestudiar, analysar og utviklingsoppgåver innan kategoriane : bustader, næringsbygg -kontor og helse I omsorg I sjukehus. Prosjektet omfattar tre hovudaktivitetar: 1. Etablering av 5 års (3 + 2 år) studium i Eigedomsutvikling og -forvaltning 2. Dr.ing program Eigedom - Facilities Management 3. Etablering av senter for Eigedomsutvikling og -forvaltning

Funding scheme:

FIBA-FoU-basert innovasjon i BA-næringen