Back to search

SIP-Strategiske instituttprogram

E-handel og IKT-basert samarbeid. Distriktsbaserte små og mellomstore bedrifter i det globale nettverssamfunnet. Videref på prosj.nr. 165965

Awarded: NOK 3.0 mill.

Så langt har SIPen produsert resultat i tråd med planen, at vi har nådd måla som vart sett for dei tre fyrste åra av prosjektet, men det står att å vidareutvikle og fullføre planane for dei to siste åra. Utviklingstrekka i samfunnet rundt oss viser behove t for denne typen strategisk satsing. - Næringslivet i Sogn og Fjordane er i krise, med nedlegging og nedbemanning. Særleg hardt er kommunane Flora, Årdal og Høyanger råka. Mange store verksemder har eller er i ferd med å gjennomføre dramatiske kutt i tal tilsette. Mangel på oppdrag gjer det vanskeleg også for underleverandørar. - EU sitt 6. rammeprogram. Det har vist seg vanskelegare å delta EU sitt 6. rammeprogram enn det vi tidlegare har erfart. Nettverka me har frå tidlegare EU prosjekt er samansett a v mange små aktørar og sjølv nettverka har blitt for små i den nye konteksten. Det er behov for å arbeide vidare med å etablere nye relasjonar til større aktørar slik at ein på nytt kan delta i EU programmet. SIPen har vore ei viktig satsing for å nå fram til verksemder med heilheitleg kunnskap som både appellerer til næringslivet og som sikrar kunnskapsutvikling. Som eit resultat av dette arbeidet har me no eit tett samarbeid med LO, NHO og offentlege etatar med vinkling på næringsutvikling. Slik situasj onen er i dag har vi klart å sikre avleda prosjekt som er med på å bidra til det empiriske grunnlaget for faglige publisering. Vidareføring av SIPen vil gi oss då ein nødvendig overbygging der ein samlar empirien frå dei ulike næringsretta initiativa for å arbeide med bearbeiding, områdeutvikling og publisering. Vi vil halde fram med å involvere breitt i gruppa i forhold til områdeutvikling og formidling. Det er viktig at ein får innarbeidd akademisk publisering som integrert del i arbeidet med prosjekt. Vi vil særleg legge vekt på: - nettverksbygging - bearbeiding og områdeutvikling - formidling

Funding scheme:

SIP-Strategiske instituttprogram

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project