Back to search

BIONÆR-Bionæringsprogram

Tunneldekke over søtkirsebær- eit verkemiddel for å forseinka mogninga og økologisk produksjon

Awarded: NOK 6.1 mill.

Project Number:

179465

Project Period:

2007 - 2013

Funding received from:

Location:

Tunnelar over søtkirsebærtre opnar for to nyvinningar på søtkirsebærmarknaden; økologisk dyrka frukter og frukter mogne i september. A.L. Gartnerhallen ynskjer både auka eksport av søtkirsebær og å stetta den auka etterspurnaden etter økologisk dyrka grø ntprodukt med å kunne tilby søtkirsebær. Konkurransen på eksportmarknaden er mindre i slutten av den norske sesongen og ved å utvida denne er det potensiale for auka inntening og auka eksport. Søtkirsebær er ei frukt som har store utfordringar i dyrkinga, der den største er å unngå at fruktene rotnar. I tillegg kan ulike insekt som kirsebærfluge og kirsebærbladlus skapa store problem. Dyrking under tunneldekke vil løysa mange av desse utfordringane. I tunnelar er trea turre, det ligg ikkje til rette for u tvikling av ròtesoppar og det er lov å setja ut nytteorganismar mot skadeinsekt. Tunnelar kan også brukast til å endra klimaet gjennom ulike luftestrategiar og bruk av ulike duktypar for slik å utvida sesongen. Myhrene AS er skandinavisk agent for Haygrov e som produserar og sel plasttunnelar til hagebruksproduksjon i heile verda. Gjennom eit prosjektet der det er samarbeid og kunnskapsutveksling mellom dyrkarar, rettleiarar, omsetjingsledd, interesseorganisasjonar, Haygrove og deira lokale representantar, leverandørar av nytteorganismar og forskningsmiljø i 7 land ynskjer AL Gartnerhallen saman med Myhrene AS å få fram så mykje kunnskap at søtkirsebær kjem på marknaden i september og at økonomisk sikker økologisk dyrking av søtkirsebær vert mogleg i Noreg .

Funding scheme:

BIONÆR-Bionæringsprogram