Back to search

FORNY-3-Kommersialisering av FoUresultater

Infrastrukturmidler 2007 - Universitetet i Agder

Awarded: NOK 0.50 mill.

Høgskolen i Agder har deltatt i FORNY-programmet sidan hausten 2000. I 2007 vil det bli lagt vekt på å vidareutvikle førstelinjetenesta og auke tilfanget av idear som kan kommersialiserast. I tillegg til lett tilgjengeleg rådgiving vil det bli fokusert på oppsøkjande arbeid ute i fagmiljøa og blant studentane. Vellukka insentivordningar i 2006 vil bli vidareført. Paralellt med dette vil ein fortsetje arbeidet med å finne fram til nye, gode insentivordningar. Høgskolen har inngått samarbeidsavtale med STS som fungerar som høgskolen si kommersialiseringseining. Det er òg etablert eit samarbeidsutval der STS, HiA og Sørlandets Sjukehus HF, SSHF, deltar. Styret ved HiA har gjort dei nødvendige vedtaka for å setje i verk den nye arbeidstakaroppfinnarlova og d et er etablert eit informasjons- og støttesystem på høgskolen sine nettsider i tillegg til den manuelle førstelinjetenesta. Kommersialiseringsarbeidet vil som før skje i nært samarbeid med STS. Førstelinjetenesta i FORNY-prosjektet ved HiA vil skje i reg i av Senter for entreprenørskap.

Funding scheme:

FORNY-3-Kommersialisering av FoUresultater

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project