Back to search

BIONÆR-Bionæringsprogram

Norsk produsert økologisk frukt til forbrukarane

Awarded: NOK 5.3 mill.

Project Manager:

Project Number:

182770

Project Period:

2007 - 2012

Funding received from:

Location:

Partner countries:

AL Gartnerhallen og BAMA ynskjer å stette etterspurnaden etter økologisk frukt hjå sine kundar, og vi har sett oss som mål at minst 15 % av fruktomsettinga skal vere norskprodusert økologisk vare innan 2015, noko som er i tråd med regjeringa sitt mål. Der som Gartnerhallen/BAMA skal nå dette målet, må produksjonen aukast raskt, og han må sentrerast til klynger av produsentar for å lette omsettinga. Mykje kunnskap om økologisk fruktproduksjon er opparbeidd gjennom tidlegare og pågåande FoU-prosjekt, men kun nskapen er i altfor liten grad prøvd ut systematisk og i større skala hjå økologiske produsentar. I prosjektperioden skal opparbeidd kunnskap implementerst hjå etablerte og nye økologiske fruktprodusentar. Vi vil gå inn i eksisterande økologiske felt i So gn, Hardanger og Telemark og samanlikna plantingar som skil seg i dyrkingsintensitet, fordi praktisk erfaring og FoU indikerer at eit meir ekstensivt system (anna treforming, andre grunnstammer, annan planteavstand, meir sorts- og artsblanding) enn ved ko nvensjonell dyrking kan vere fordelaktig for å redusere angrep av skadegjerarar og oppnå gode avlingar i økologisk dyrking. Det skal også etablerast eit forsøksfelt med eple og plommer der eit intensivt og eit noko meir ekstensivt system vert samanlikna. Det fins fortsatt ein del uløyste plantevernproblem i økologisk dyrking, og i dette prosjektet vil vi spesielt ta del i utvikling av ny kunnskap om planteluktstoff mot rognebærmøll og bruk av nytteorganismar mot viktige skadedyr. Kunnskap om dyrkingstekni kk, regelverk, økonomiske støtteordingar og politiske føringar skal formidlast til potensielle og etablerte økologiske fruktdyrkarar gjennom nasjonale kurs. For å lette omsetting og betre dyrkarmiljø skal det i prosjektperioden etablerst dyrkarklynger run dt tre pilot-mottak for frukt i Sogn, Hardanger og Telemark. Informasjonsflyt mellom dyrkar, mottak, grossist, omsettingsledd og forbrukar er ein viktig del av prosjektet.

Publications from Cristin

No publications found

No publications found

No publications found

No publications found

Funding scheme:

BIONÆR-Bionæringsprogram