Back to search

IS-BILAT-Mobilitet Norge-USA /Canada

Eigedomsretten; eit grunnleggjande studium

Awarded: NOK 87,000

Project Number:

200927

Project Period:

2010 - 2010

Location:

Føremålet med prosjektet er for det første å analysera og kritisera den tradisjonelle norske framstillinga av eigedomsretten som eit "tomt koplingsord". For det andre er føremålet å analysera og kritisera den tradisjonelle norske negative definisjonen av eigedomsretten. Som eit alternativ skal prosjektet søkja å forklara eigedomsretten som eit relasjonsomgrep mellom ein person og eit grunnstykke. Med tanken om eit relasjonsomgrep som eit utgangspunkt, er tanken å utvikla eit rammeverk for å forstå eigedo msretten til fast eigedom. Det viktigaste for eit slikt rammeverk er for det første å lausriva seg frå skiljet mellom offentleg rett og privatrett. For det andre er det viktig å byggja opp eigedomsretten med vekt på relativiteten i den. Ein bør klara å sj å grunnstykket sjølv, med sine skiftande karakterisitika, som dreiepunkt for ei vurdering. Til sist er føremålet med prosjektet, i forlenginga av det føregåande, å omtala og inkludera miljøomsyn i framstillinga av eigedomsretten, særleg gjennom forslag til operasjonalisering av Grunnlova § 110 b.

Funding scheme:

IS-BILAT-Mobilitet Norge-USA /Canada