Back to search

DIV-INT-Annet internasjonalt samarbeid

Engelsk/internasjonal versjonering av film-dokumentaren "The Arctic Eye"

Awarded: NOK 0.15 mill.

Eg har i tre år arbeidd med ein film/TV-dokumentar frå Ny Ålesund på Svalbard.(Sjå vedlegg) Dokumentaren"The Arctic Eye" har m.a. fått støtte frå IPY-satsinga i Forskingsrådet og han går som spesialutgåve (54 min) i Schrødingers Katt torsdag 3. desember. I den versjonen ser ein særleg på samanhengen mellom forskinga og miljøovervakinga i Ny Ålesund og klimadebatten i København. Filmen skal i tillegg visast på to ulike arenaer under møtet i København. (Klimaforum09 og Arctic Venue) NRK ville ha denne doku mentaren spissa opp mot Københavnmøtet og difor er denne første versjonen utdatert med ein gong møtet i København er over. Eg må soleis lage ein noko endra versjon 2 som blir meir tidlaus og som skal visast på IPYs sluttkonferanse sommaren 2010. Eg arbeid er og med å få vist den siste versjonen i utanlandske TV-kanalar. Men både visningane i København og i Oslo til sommaren krev ein internsjonal/engelsk versjon og eg søker med dette Avdeling for klima og miljø i Forskingsrådet om kr. 150000,- i støtte ti l desse omredigeringane og dei internasjonale versjoneringane. Kostndene for dette arbeidet ligg spesifisert i samband med skjema for kostnader.

Funding scheme:

DIV-INT-Annet internasjonalt samarbeid