Prosjektet skal bidra med lokale og regionale perspektiv i forbindelse med 200-års jubileet for Grunnloven og 1814. Prosjektet er eit samarbeid mellom historiemiljøa ved Høgskulen i Volda, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Telemark. Prosjektet v il munne ut i ein antologi med lokale og regionale perspektiv på 1814 og Grunnlova frå Nordvestlandet og Telemark. Prosjektet er eit nettverksprosjekt, og det vil bli arrangert prosjektmøte og eit større lanseringsseminar.