Back to search

KLIMAFORSK-Stort program klima

Karbonfotspor: sTorleik, Aarsak og Konsevensar av variabilitet og uvisse

Awarded: NOK 0.50 mill.

I CARBON CAP leier NTNU arbeidspakke 4, og er då særskild ansvarleg for å vurdere og auke pålitelegheit av konsumbaserte klimarekneskap. Dette skal gjerast gjennom samanlikning av ulike globale fleirregionale kryssløpsmodellar og korleis dei vurderer karb onfotspor, og uvisseanalyse av resultata gjennom bruk av Monte Carlo-metoden. Uvissa kjem til å ha særskild fokus på uvisse av klimagassutslepp knytt til produkt i internasjonal handel og dermed uvisse i karbonfotspor. Metodane som skal nyttast og ramma t il arbeidspakka tillèt ikkje ei grundig undersøkjing av årsaka til uvisse. Ein del av det som framstår som uvisse i modellane vil vere resultat av variabilitet. Eit døme er uvisse gjennom aggregering av fleire produktgrupper (biff og kylling) eller produk ttypar (tyske og spanske bilar) til ei overordna produktgruppe, t.d. kjøt og køyrety. Ofte er informasjon tilgjengeleg for å identifisera variabilitet og for å ta omsyn til at ulike produkt som er importerte frå ulike land ikkje er identiske sjølv om dei hamnar i same produktklassifisering i ein kryssløpsmodell. Variabilitet er relevant for både utslippsreduksjonar og internasjonale samanlikningar og dermed konkurransesituasjon. Karbontak skal utvide uvisseanalysen planlagt i CARBON CAP gjennom følgjande steg: 1. identifisere årsaker til variabilitet i modellane 2. ta i bruk informasjon om variabilitet i Monte Carlo-simulering og skilje effekten av variabilitet frå effekten av uvisse i resultata 3. diskutere tolking av variabilitet i resultata av konsumb asert klimarekneskap og implikasjoner for både rekneskapsføring og konsumorientert klimapolitikk 4. presentere funna i ein tidsskriftsartikkel og på ein konferanse Om det høver, skal Noreg nyttast som case i artikkel.

Publications from Cristin

No publications found

No publications found

Funding scheme:

KLIMAFORSK-Stort program klima