Back to search

PUBL-Publisering/prosjektinform

Kainun kielen grammatikki - kvensk grammatikk: omsetjing, oppgradering og tilrettelegging

Awarded: NOK 0.10 mill.

Project Number:

268425

Project Period:

2016 - 2017

Funding received from:

Location:

Mål Målet med dette prosjektet er å setja om Kainun kielen grammatikk ("Kvensk grammatikk") til norsk og å gje ut grammatikken i ein revidert, oppgradert og tilrettelagd versjon. Bakgrunn I 2005 vart kvensk godkjent som nasjonalt minoritetsspråk i Noreg. Standardiseringsarbeidet for kvensk er kome eit godt stykke på veg. Kvensk språkting ved Kvensk institutt har vedteke ein læreboknormal, og våren 2015 kom den fyrste kvenske grammatikken, Eira Söderholms vitskaplege referansegrammatikk Kainun kielen grammatikki (Söderholm 2014). Grunngjeving Kainun kielen grammatikki ("Kvensk grammatikk") er skrive på kvensk og er m.a. nytta i kvenskundervisninga ved UiT Noregs arktiske universitet. Frå fleire hald har det vorte etterspurt ei norskspråkleg utgåve av grammatikken, særleg av kvener og andre interesserte med lite kvenskkunnskapar. Samstundes viser det seg at grammatikken treng å verta revidert, oppgradert og tilrettelagd for nettpublisering. Tiltak Omsetjing: Kainun kielen grammatikki skal omsetjast til norsk (bokmål) under tittelen Kvensk grammatikk. Revidering: I samband med omsetjinga skal grammatikken reviderast både når det gjeld innhald og framstilling. Pedagogisk oppgradering: I tillegg til den innhaldsmessige og formelle revideringa skal det pedagogiske opplegget i grammatikken oppgraderast både når det gjeld språkleg formulering og grafisk framstilling. Definisjonsliste og register: Grammatikken skal utvidast med ei definisjonsliste over sentrale omgrep og eit saks- og ordregister. Publisering. Kvensk grammatikk skal publiserast i to utgåver på godkjent norsk forlag, ei ope tilgjengeleg nettutgåve (Open Access) og ei papirutgåve.

Funding scheme:

PUBL-Publisering/prosjektinform

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project