Back to search

FRIMEDBIO-Fri prosj.st. med.,helse,biol

51st Annual Meeting of the European Pancreatic Club

Awarded: NOK 0.25 mill.

The aim of the project was to arrange the 51st Annual Meeting of the European Pancreatic Club (EPC) in Bergen, June 26-29 2019. EPC is an ideal, international scientific organization for research on diseases of the pancreas. The organization is the common platform for pancreatology in Europe, and the annual meeting is the most important European scientific forum for the exchange of new research results in pancreatic biology and disease. The EPC meeting in Bergen brought together 680 participants from 42 countries. There were 450 submitted abstracts and around 100 invited lectures and other oral presentations.

Alle mål for arrangementet slik desse var spesifiserte i prosjektsøknaden, har blitt oppfylte. Deltakartalet vart større enn forventa. Ein kan trygt slå fast at møtet har styrka pankreatologisk forsking i Noreg gjennom moglegheit for omfattande nettverksbygging internasjonalt. Det var over 50 norske deltakarar, medan dette talet vanlegvis ligg på 10-20 når møtet vert arrangert i andre land.

Føremålet med prosjektet er å arrangere det 51. årsmøtet for European Pancreatic Club (EPC) i Bergen i juni 2019. EPC er ein ideell, internasjonal vitskapleg organisasjon for pankreatologisk forsking, altså forsking på biologiske og medisinske problemstillingar i bukspyttkjertelen. Organisasjonen er fellesplattformen for pankreatologi i Europa, og årsmøtet er det viktigaste vitskaplege forumet i vår verdsdel for utveksling av nye forskingsresultat innan bukspyttkjertelbiologi og -sjukdomar. EPC-møtet har vanlegvis 5-600 deltakarar frå meir enn 40 land med ein god balanse mellom grunnforsking og klinikk, og mellom etablerte forskarar og studentar/stipendiatar. I tillegg til generelle sesjonar om fysiologi, cellebiologi og genetikk/genomikk, er hovudtema til EPC-årsmøtet neoplastiske sjukdomar (svulstar) og betennelse i bukspyttkjertelen (pankreatitt). Dette er alvorlege lidingar som enten har ein særs dårleg prognose (bukspyttkjertelkreft) eller som ein til no ikkje kan lækje (kronisk pankreatitt). For å gjere framsteg i kunnskapen om og behandlinga av desse sjukdomane er det naudsynt at grunnforskarar og klinikarar frå leiande internasjonale forskingsgrupper kan samlast til nettverksbygging og utveksling av idear og data.

Funding scheme:

FRIMEDBIO-Fri prosj.st. med.,helse,biol