Høgskulen i Volda har så langt hatt liten deltaking i EUs rammeprogram. I 2022 utarbeida vi ein strategi og handlingsplan for deltaking dei kommande åra. No vil vi styrke denne planen ved å utvikle målretta insentiv. Vidare vil vi styrke fagmiljøa i søknadsskrivinga og kompetansen i organsiasjonen om kvalitetssikring av søknader. Vi vil jobbe vidare med å posisjonere aktuelle fagmiljø. Støtte frå Forskingsrådet vil vere instrumentell for å realisere deltaking i Horisont Europa for Høgskulen i Volda og for å sende fleire søknader til Horisont Europa.