Back to search

MILJØ2015-Norsk miljøforskning mot 2015

Nettverk og formidling for Verdsarv

Awarded: NOK 99,999

Prosjektmåla skal realiserast ved å arrangere to arbeidsseminar (workshops) med utvalde delar av vårt internasjonale nettverk. Eit seminar første halvår 2011, og eit andre halvår. På det første vil vi presentere resultat frå kvar av institusjonane samt å drøfte tverrgåande problemstillingar. På det andre seminaret vil vi syntetisere funna på tvers av prosjekta/institusjonane og drøfte korleis resultata kan formidlast heilskapleg til aktuelle brukarar. Vi vil inviterte 3 av desse forskarane frå vårt nettv erk: Prof. og direktør for Centre for Mountain studies, Martin Price, UHI Millennium Institute, Skotland, prof. Jane Downes, Orkney College, prof. M Reed ved University of Saskatchewan, og PhD kandidat Christoph Kirchengast, University of Innsbruck. Når d et gjeld formidling er det mest aktuelle å delta på nettverksmøte for Norges Verdensarv, eller andre møte som brukarane sjølve arrangerar. Vi vil gå i dialog med brukarane om dette. Nettverksprosjektet vil bidra til Miljø 2015 programmets hovudmål : kunn skap og djupare forståing for samanhengen mellom natur, landskap og samfunnssystema ved å bidra med kunnskap for handling (praksis) og regulering (forvaltning) for berekraftig bruk. Og særleg styrke samarbeidet med internasjonale forskingsmiljø. I forhol d til temaområdet LAND vil nettverksprosjektet styrke kunnskapsgrunnlaget for: 'en langsiktig og helhetlig bruk og forvaltning av landskapet og dets natur- og kulturverdier', og omfatte: 'prosesser, effekter og virkemidler' relatert til: 'landskap, terre strisk biomangfold, kulturminner' både ifht; 'naturlig mangfold, seminaturlige økosystemer' og 'hvordan ulike rettighetshavere, aktører og drivkrefter samvirker'. Nettverksprosjektet vil også bidra til å fylle programmål for PÅ TVERS ved å frambringe kun nskap som: 'identifiserer problemer og mulige løsninger ifht. manglende sammenheng mellom kompleksiteten i natursystemene, kulturmiljøene og de valgte styringssystemene'.

Funding scheme:

MILJØ2015-Norsk miljøforskning mot 2015