Back to search

KULVER-Kulturell verdsetting

Bok Kjell Rylander

Awarded: NOK 94,224

Å plassera eige kunstnarskap i internasjonal samanheng kan lett få karakter av å vera påstandar meir enn analyse. I tillegg til Kjell Rylander sine eigne refleksjonar, ønskjer difor K-verdi å bringa inn andre stemmer som kan kasta lys over korleis hans ku nst blir oppfatta og forstått internasjonalt. Dette skal skje i form av ei bok som vil bli lagt ved den skriftlege delen som han skal levera til bedømmingskomiteen for godkjenning før endeleg disputas kan finna stad. Innhald: Kjell Rylander: Portrett av det anonyma Gabi Dewald: Questioning everyday things Glen R. Brown: The Anthropic Aura Caroline Slotte: De små gesternas man Glenn Adamson: Om utstillinga Kontentum (endeleg tittel ikkje mottatt) Jorunn Veiteberg: Om serien Street Ware (endeleg tittel ikkje mottatt) CV Kjell Rylander Om boka Sidetal: 96, format: 24 x 17 cm, stivt omslag. Boka vil bli gjennomillustrert med hovudvekt på dei to separatutstillingane Kjell Rylander har hatt i stpendiatperioden: Eskilstuna Konstmuseum 2010 og Rom8 i Berge n 2011. Research and Development Design and Art Direction i Stockholm vil stå for utforminga. Målgruppe Boka er ikkje tenkt først og fremst som eit salsprodukt, men vil bli spreidd til museum, kunsthøgskolar, fagbibliotek, fagtidsskrift, galleri, kurator ar, kollegaer.

Funding scheme:

KULVER-Kulturell verdsetting