Back to search

HELSEVEL-Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstjenester

Utvikling av Recovery College i Helse Fonna-regionen

Awarded: NOK 0.30 mill.

Innovasjonsprosjektet er å utvikla ein «recovery-skule» basert på modellen Recovery Colleges(RC). RC er ei alternativ tilnærming til psykisk helsehjelp og har fokus på læring og utdanning heller enn terapi. Tilbodet er planlagt, gjennomført og motteke (co-production, co-delivery and co-receiving)i samarbeid med menneske med eigenerfaring (likemenn). Erfaringa viser at studentane får ei anna tilnærming til eigen «tilstand», får styrka sjølvkjensle, auka framtidsvon, utvida sosialt nettverk så vel som eit grunnlag for vidare utvikling. FOUSAM og det lokale «erfaringsnettverket» vil utvikle og prøve ut eit tilsvarande tilbod i Helse Fonna-regionen. Innovasjonsprosjektet skal følgjast av ei forskingsgruppe. Skulen skal bidra til å støtte i tilfriskningsprosessar og utforsking av resterande arbeidsevne for den einskilde student. Skulen vil tilby teoretiske kurs og samstundes praktisk arbeid med ulike formar for medverknad i forskings- og utviklingsprosjekt. Studentane kan også få opplæring og erfaring ved å delta i kursutvikling og undervising, og ved praksis i ulike psykiske helsetenester. Forprosjektet skal gjennom seminar og arbeidsgrupper danne grunnlag for samarbeid om utvikling av prosjektsøknad. Ei arbeidsgruppe skal ha ansvar for planlegging, nettverksbygging og framdrift, og det skal arrangerast seminardagar med brukarrepresentantar, helsepersonale og forskarar. Det skal gjennomførast eit studiebesøk på etablert Recovery College (Nottingham). Kunnskapsgjennomgang er også lagt inn i forprosjektet. Prosjektet skal gjennomførast med utgangspunkt i FOUSAM (ein felles forskings- og utviklingseining mellom Helse Fonna, Høgskolen Stord/Haugesund og 18 kommunar i Helse Fonna regionen). All prosjektutvikling i FOUSAM blir gjort med involvering av brukarrepresentantar og det er omfattande kontakt mellom ulike brukarorganisasjonar. FOUSAM har tilsett erfaringskonsulent og utarbeida retningsslinjer for brukarmedverknad. FOUSAM vart kåra til "Årets samhandlere".

Funding scheme:

HELSEVEL-Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstjenester