Prosjektet er lagt opp som ein samanliknande studie, inkludert ein overnasjonal delstudie. Hovudinnsatsen blir å undersøke og samanlikne ulike norske grupperingar og regionar i høve til ulik (praksis og) forståing av motorferdselsproblematikken, med vekt på snøskuter. Det vil vere hovudvekt på rekreasjonsaktivitet og difor blir det sentrale norske studieområdet Finnmark (og Nord-Troms). Ein eller fleire sørnorske regionar blir med for samanlikning. Vi har inngått samarbeid med eit prosjekt i British Colu mbia, Canada. Prosjektfinansiering i Canada vil avgjere kor likearta opplegg vi får til i båe land.
Miljøstudien vil inkludere både økologiske, kulturelle og psyko-sosiale effektar, men med hovudvekt (i eiga datainnsamling) på (dei tidlegare underpriorit erte) sosiokulturelle effektane. Prosjektet vil starte med ein brei litteraturgjennomgang om miljøeffektar av motorferdsel, og ein dokumentasjon av juridiske og kulturelle grunnlag for variasjonen i forvaltningspraksis i Noreg og i (delar av) Canada.
Andre del av prosjektet vil omfatte datainnsamling gjennom spørjeundersøkingar og felteksperiment. Ein hovudmotivasjon er å undersøkje i kor stor grad det er variasjon i naturopplevinga og forståinga av natur, lokal kultur, økosystem og miljøpåverknad m ellom dei som driv med motorisert rekreasjon og dei som driv ikkje-motorisert rekreasjon, og mellom ulike grupperingar elles innan og mellom dei to landa. Her vil det samiske perspektivet vil bli trekt inn.