Tilbake til søkeresultatene

LANDSKAP-Landskap i endring. Bruk og forvaltning

Motorized versus non-motorized outdoor recreation, and the effects of motorized use in natural areas.

Tildelt: kr 1,3 mill.

Prosjektet er lagt opp som ein samanliknande studie, inkludert ein overnasjonal delstudie. Hovudinnsatsen blir å undersøke og samanlikne ulike norske grupperingar og regionar i høve til ulik (praksis og) forståing av motorferdselsproblematikken, med vekt på snøskuter. Det vil vere hovudvekt på rekreasjonsaktivitet og difor blir det sentrale norske studieområdet Finnmark (og Nord-Troms). Ein eller fleire sørnorske regionar blir med for samanlikning. Vi har inngått samarbeid med eit prosjekt i British Colu mbia, Canada. Prosjektfinansiering i Canada vil avgjere kor likearta opplegg vi får til i båe land. Miljøstudien vil inkludere både økologiske, kulturelle og psyko-sosiale effektar, men med hovudvekt (i eiga datainnsamling) på (dei tidlegare underpriorit erte) sosio­kulturelle effektane. Prosjektet vil starte med ein brei litteraturgjennomgang om miljøeffektar av motorferdsel, og ein dokumentasjon av juridiske og kulturelle grunnlag for variasjonen i forvaltningspraksis i Noreg og i (delar av) Canada. Andre del av prosjektet vil omfatte datainnsamling gjennom spørjeundersøkingar og felteksperiment. Ein hovudmotivasjon er å undersøkje i kor stor grad det er variasjon i naturopplevinga og forståinga av natur, lokal kultur, økosystem og miljøpåverknad m ellom dei som driv med motorisert rekreasjon og dei som driv ikkje-motorisert rekreasjon, og mellom ulike grupperingar elles innan og mellom dei to landa. Her vil det samiske perspektivet vil bli trekt inn.

Budsjettformål:

LANDSKAP-Landskap i endring. Bruk og forvaltning

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet