Tilbake til søkeresultatene

VEFO-Velferd, familie og oppvekst

Vaksenliv på særvilkår? Vegen ut i samfunnet for elevar med særskild tilrettelegging i vidaregåande opplæring

Tildelt: kr 2,4 mill.

Prosjektet fører vidare ein oppfølgingsstudie i prosjektet Reform 94 - særskilt tilrettelagd opplæring, finansiert av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i perioden 1995 - 2000 og knytt til forskingsmiljøet ved Møreforsking og Høgskulen i Volda. Gjennom sju rundar er data om 760 særvilkårselevar frå vidaregåande skular i seks fylke så langt blitt innsamla. Datainnsamling frå foreldre/nærpersonar er også gjennomført. Denne studien gjeld ei svært samansett gruppe unge menneske med ulike t ypar og gradar av funksjonshemming. Opplæringsvilkåra deira har også vore varierande. I det nye prosjektet skal det samlast inn både ekstensive og intensive data. Hausten 2001 skal del tidlegare særvilkårselevane kontaktast pr. telefon. For ei mindre gru ppe menneske som ikkje sjølve kan svare, vil foreldre eller andre nærpersonar bli brukte som informantar. <.zeta.>ret etter skal det gjennomførast kvalitative intervju med kategoriar av ungdom som har ulike former for tilpassing til vaksenlivet. Prosjekt et er forankra i teoriar om livsløp og sosiale overgangar, kopla til ei referanseramme der perspektiv på levekår, kompetanse og verdsetjing blir sett i samanheng med rammefaktorteori. Empirien skal innsamlast gjennom oppfølging av eit prosjekt allereie go dkjent av Datatilsynet.

Budsjettformål:

VEFO-Velferd, familie og oppvekst

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet