Tilbake til søkeresultatene

JORDBRUK-Jord, planter og husdyr

Tiltak mot bitterròte i søtkirsebær

Tildelt: kr 1,0 mill.

Arealet av søtkirsebær i Noreg er på 2332 daa, medan arealet av surkirsebær er på 465 daa. Førstehandsverdien til dei to produksjonane er på vel 20. mill. kr. Ròtning er eit av dei viktigaste kvalitetsproblema i kirsebær. Ein av sjukdomane som gir ròtning er bitterròte. Den har gitt store tap hos mange produsentar dei siste åra. Det største problemet med bitterròte er et sjukdomen ofte ikkje bryt før rett før eller etter hausting. Såleis er det far for å omsetje kirsebær som ser friske ut, men som etter n okre få dagar får ròteflekkar. Den viktigaste smitten kjem frå kirsebærtrea, men også ugras kan vera smittekjelder. I prosjektet vert det sett på effekten av å fjerna smitte. Vidare vert det undersøkt kva som er dei viktigaste infeksjonstidspunkta, for å finna dei beste tidspunkta for behandling. Det er stor uvisse om kva som er rett væskemengde ved sprøyting mot bitterròte, og det vil verta nærare klarlagt. Skilnad i mottakelegheit mellom sortane har ikkje vore undersøkt, korkje her i landet eller i andre land. Ei av oppgåvene vil dif or verta å finne ut av sortskilnadene, slik at sterke og middels sterke sortar kan tilrådast framfor svake.

Budsjettformål:

JORDBRUK-Jord, planter og husdyr

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet