Tilbake til søkeresultatene

JORDBRUK-Jord, planter og husdyr

Faktorar i produksjonen som påverkar økonomien i mjølk- og storfekjøttproduksjonen.

Tildelt: kr 1,00 mill.

Prosjektnummer:

145323

Prosjektperiode:

2001 - 2004

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Prosjektet er ein analyse av data frå kukontrollen og Effektivitetskontrollen for å finne kva faktorar i produksjonen som påverkar det økonomiske resultat på bruk med mjølk- og storfekjøttproduksjon. Prosjektet skal skaffe fram nøkkeltal for å kunne utvik le eit nytt framtidsretta databasert rådgjevingsverktøy for mjølkeprodusentar og rådgjevarar. Datagrunnlaget er til saman 1700 mjølkeproduksjonsbruk frå heile landet, og desse vil bli analyserte for å finne kva som skil bruk med god lønsemd i produksjonen frå bruk med dårleg lønsemd. Nødvendig tilleggsinformasjon vil bli innhenta ved bruk av spørjeskjema. Prosjektet skal i tillegg utvikle ein metode for å vurdere økonomiske effektar av ulike tiltak. Prosjektet er eit samarbeid mellom NILF, Noregs Veterinærhøgskole, Geno og TINE Norske Meierier. Prosjektet vil ha stor praktisk nytteverdi. Det vil gje ny kunnskap som vil bli styrande for framtidig rådgjeving på norske mjølkeproduksjonsbruk og gje grunn lag for ein kostnadseffektiv og robust produksjon.

Budsjettformål:

JORDBRUK-Jord, planter og husdyr

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet