Forskingsprosjektet sitt hovudtema er begynnaropplæringa sett ut frå prinsippet om tilpassa opplæring. Begynnaropplæring er gitt ei vid tyding, i prinsippet femner den om all opplæring elevane får dei tre til fire første åra i grunnskulen. Omgrepet tilpas sa opplæring er gitt den tydinga som er nedfelt i opplæringslova, at opplæringa skal vere tilpassa elevane sine evner, anlegg og interesser. Hovudinteressa i prosjektet vil vere å studere verksemda i klasserommet. Grunngjevinga for dette valet er primært mangelen på kunnskap om det som går føre seg i klasserommet meir generelt, og innan begynnaropplæringa spesielt. Prosjektet er todelt. I første del vil det studeres begynnaropplæringa både generelt og med eit spesielt fokus på faga norsk (lese og sk riveopplæringa), matematikk (rekneopplæringa) og engelsk, på bruken av og funksjonen til leik og gje elevar frå språklege minoritetar spesiell merksemd. Prosjektet vil granske den samla begynnaropplæringa for å kunne få kunnskap om korleis heilskapen er, kva som bestemmer den og kva samanhengar og/eller motsetningar det kan vere mellom dei ulike elementa som inngår. Andre delen av prosjektet er aksjonsorientert. Saman med lærarane i dei klassane som er med i prosjektet vil det arbeides med og studere kor leis utvikle og auke kvaliteten på begynnaropplæringa generelt, og på dei områda som er nemnde ovanfor.
Budsjettformål:
PROFESJO-Profesjonsstudier ved de statlige høgskolene