Tilbake til søkeresultatene

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Det opne språket: Språk og kulturendring

Tildelt: kr 4,0 mill.

Prosjektnummer:

154804

Prosjektperiode:

2003 - 2006

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Prosjektet er ei brei og tverrfagleg satsing der det berande elementet er eit komparativt perspektiv på språk og kulturendring. Prosjektet går ut fra den norske språksituasjonen, men med eit anna fokus enn det tradisjonelle. Prosjektet ynskjer å utvikle n ye typar fagkunnskap på dei mange uløyste problema kring språkval og særleg kring språknormeringa i Noreg, først og fremst historisk og sosiologisk fagkunnskap. Prosjektet er sett saman av tre delprosjekt, med sine større og mindre underprosjekt. Det før ste delprosjektet søkjer å finne svar på korleis skriftspråk og identitet heng saman, og kva som særmerkjer norsk språkidentitet i internasjonalt perspektiv. Det andre delprosjektet granskar normer og makt i språk og kultur, spesielt korleis språknormeri ng fungerer som kulturnormering. Premissen her er at språknormering alltid inneber eit ønske om å påverke den vidare kulturen i den eine eller andre leia. Det tredje delprosjektet har som mål å skrive historia om den nynorske skriftkulturen. Nynorsk skri ftkultur kan stå som eit typedøme på korleis språknormering i prinsippet og i praksis fungerer som kulturnormering. I internasjonalt perspektiv merkjer den nynorske skriftkulturen seg ut med eit sterkt metakulturelt medvit om at ein nettopp justerer kultu ren ved å reformere språket. Prosjektet skal gi ei synkron framstilling frå den tidlege språklege moderniteten på 1700-talet fram til våre dagar. Dei sosiale og kulturelle prosessane som har skapt den nynorske skriftkulturen i dialog med den hegemoniske kulturen i Noreg vil stå i fokus.

Budsjettformål:

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet