Tilbake til søkeresultatene

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Tekst- og verktøybase for Medieval Nordic Text Archive: kodingsstandard, ordbankbygging og Heimskringla-edisjon

Tildelt: kr 3,3 mill.

Prosjektet skal byggje opp ein tekst- og verktøybase for Medieval Nordic Text Archive, som er eit nyoppretta elektronisk arkiv for nordiske mellomaldertekster. Målet er at arkivet skal bli meir enn ei samling av frittståande tekster, men at tekstene skal danne eit korpus der brukarane skal kunne få tilgang til dei på ulike nivå; både som individuelle verk og som eit samla materiale for leksikografiske og språkvitskaplege studiar. Prosjektet har tre delar: 1. Vidareutvikling av tekstkodingsstandarden for handskrivne primærkjelder med grunnlag i Text Encoding Initiative, og utvikling av relevant teikninventar i det såkalla private området av Unicode. 2. (2) Overføring av det dataførte gammalnorske tekstmaterialet frå Dokumentasjonsprosjektet i Osl o og oppbygging av eit komputasjonelt leksikon etter mønster av Norsk ordbank for dette. På grunnlag av leksikonet skal det lagast halvautomatiske lemmatiseringsrutinar for hittil ikkje lemmatiserte tekster. 3. Vidareutvikling av Heimskringla-utgjevin ga i samarbeid med Heimskringla-prosjektet i Oslo, både gjennom konvertering av transkriberte tekster til Menota-standard og gjennom avsluttande filologisk arbeid med den første tredjeparten av Heimskringla. Dernest eit studium av skriftprofilar i utvalde delar av dette materialet, og testing og evaluering av dette på dei lemmatiseringsrutinane som er utarbeidde i delprosjekt (2).

Budsjettformål:

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet