Tilbake til søkeresultatene

SAMF-Fagkomiteen for samfunnsvitenskap

Pre-aktiv strafferett: Studie av eit pågåande omskifte i norsk strafferett og straffeprosess

Tildelt: kr 2,2 mill.

Prosjektet tek sikte på å analysere og kasta lys over eit sentralt utviklingstrekk i moderne norsk strafferett. Strafferetten har i tiltakende grad gått frå å vera re-aktiv til å få ein "pre-aktiv" karakter, der ein tek sikte på å avdekke, avverja og stra ffa kriminaliteten allereie på førebuingsstadiet. Pre-aktiv kriminalisering har typisk form av at ein strafflegg førebuingshandlingar, t d det å avtala å gjera eit brotsverk . Pre-aktiv etterforsking vil seia at ein set inn telefonavlytting og andre inngr ipande etterforskingsmetodar mot kriminalitet som enno er på planleggings- eller førebuingsstadiet. Denne tendensen i moderne strafferett er særleg tydeleg i den nye terror-lovgivinga, men er også tydeleg i kampen mot andre former for organisert kriminali tet. Den verdimessige spenninga mellom effektivitet og rettstryggleik er særleg tydeleg ved denne typen lovgiving. Det er difor nødvendig både å analysere kva ein kan oppnnå med ein pre-aktiv strafferett, og kva rettstryggleiksproblem som denne typen regl ar kan føra med seg.

Budsjettformål:

SAMF-Fagkomiteen for samfunnsvitenskap

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet