Tilbake til søkeresultatene

JORDBRUK-Jord, planter og husdyr

Vekselbering i eple - årsaker og tiltak.

Tildelt: kr 1,0 mill.

Prosjektnummer:

155859

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2003 - 2005

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Norsk epledyrking har ein positiv klang i samfunnet som produsent av sunne produkt med høg matvarekvalitet i eit kulturlandskap med fruktbløming som både turistar og fastbuande set stor pris på. Men trass i dette er norsk kjernefruktdyrking inne i ei negativ utvikling der tal dyrkarar, arealet dei dyrkar og økonomien er redusert dei siste åra. Epleavlingane va rierer frå år til år på grunn av vekselbering der avlinga i bereåret er mykje større og ofte med redusert fruktstorleik og kvalitet enn i kvileåret. Dette er eit stort problem for fruktdyrkaren, og omsetnadsledane opplever dette som eit stort problem me d ustabil tilførsel av norske eple frå år til år. Viktigaste rådgjerdene er å regulera avlinga i bereåret og auka blomstermengd og fruktsetjing i kvileåret. Avlinga kan regulerast kjemiske middel eller med hand under blomstringa eller på kartstadiet. I dette prosjektet skal ein med grunnlag i noverande dyrkingspraksis og litteraturstudium om vekselbering og avlingsregulering: - Finna optimalt avlingsnivå med høg kvalitet hjå epletre der avlinga vert regulert med hand - Undersøkja vekst og utvikling av trea der avlingsnivået vert regulert med miljøvennlege middel - Med basis i vekstforsøk i små- og storskalaforsøk i Hardanger, implementera resultata til fruktdyrkarane

Budsjettformål:

JORDBRUK-Jord, planter og husdyr

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet